Barnearbeid sett i system under eit knallhardt rektor-regime? Neppe. Terje Kjøde i tweed såg då rett snill og blid ut her.

«Det er aktivitetsdagar ved Volda ungdomsskule. I tre dagar kan dei gløyme linne verb, byar i Belgia og brøkrekning.

Ungdomsskulen skal pussast opp av elevar og lærarar», les vi i ei nokså nøyaktig 25 år gamal avis.

«Skulen her er no blitt 32 år gamal. I nesten 30 år vart det hevda at skulen var ny, og lite vart gjort. No er ein del utbetra, men meir burde gjerast. Eg hadde ikkje hatt problem med å bruke opp tre millionar kroner til oppussing», fortalde Terje Kjøde til Terje Engås.

I staden for dei ikkje-eksisterande millionløyvingane, måtte han ta til takke med å bruk lærarstaben og elevflokken. Nærare tre hundre par hender og føter fekk visst gjort ein heil del, forstår vi.

«Skulen minner oss mest om ei maurtue. Det vil seie, mauren er noko meir lydlaus av seg.

– Fredag skal vi avslutte med eit underhaldningsprogram. Då er både foreldra og alle 6.-klassingane som skal begynne her til hausten inviterte. Vi har ei eiga program-gruppe som skal arbeide med dette.

Song- og musikkinnslag med elevane vert det også», kunne rektor Kjøde røpe.

Dei trottige laga avis, filma, dreiv kantine og vi veit ikkje kva. Her i tiårbildet ser vi Karen Marie Lid og Jorid Slettevoll i ferd med å fargeleggje skulen.

For noen tiår siden: Les mer historisk stoff i Sunnmørsposten.