Har du mellom 30.000 og ein million kroner å avsjå, kan du snart sikre deg eit bilde av Picasso i den nedlagde skulebygningen på Flø.

Følg smp.no på Facebook

– Kjempestas

– Dette er vi sjølvsagt svært glade for å kunne presentere. Pablo Picasso er eit av dei verkeleg store namna i kunstverda, og ein kunstnar så å seie alle har eit forhold til. Å få bileter av han hit, til vesle Flø, er kjempestas, seier studiomanager ved Studio Hugo Opdal på Flø, Audun Hopland.

– Vi håper at dette vil lage folkefest på Flø, ei kort og hektisk helg, seier Hopland.

Hva skjer? Sjekk kulturkalenderen på smp.no

Salsutstilling

Han presiserer at alle bilda som skal stillast ut i den gamle skulebygningen på Flø, vil vere til sals.

Studio Hugo Opdal har lenge samarbeida med Blomqvist Kunsthandel i Oslo. Det er dei som har fått tak i bilda som skal stillast ut på Flø.

– Ikkje alle er klar over det, men det finst faktisk ganske mange Picasso-bilde rundt om i Norge. Alle bilda som kjem til Flø er i privat eige.

Les fleire kulturnyheter på smp.no

Les meir om utstillinga i Sunnmørspostens papirutgåve tysdag