Boksalet til haugenbok.no AS i Volda går så det susar. I fjor selde dei bøker for 128,9 millionar kroner. I år har dei tilsett fleire i nettbutikken.

- Vi selde i fjor over ein halv million bøker, er framleis den største nettbokhandelen i landet og har dei mest fornøgde kundane, seier dagleg leiar Lars Ove Hammer.

Han viser til målinga tidlegare i år om kven som har dei mest fornøgde kundane her i landet. Her vart haugenbok.no i Volda berre vart slått av Flytoget på Norsk Kundebarometer frå Handelshøyskolen BI.

Inntektene til nettbokhandelen i Volda  auka med ti prosent, driftsresultatet på 4,6 millionar vart 17,7 prosent betre enn året før – medan ordinært årsresultat på knappe fire millionar var ein auke på 11,2 prosent.

Ikkje berre kan haugenbok.no kalle seg den eldste og største nettbokhandelen i landet. Dei hevdar også at dei er den raskaste:

- Målet vårt er at alle bøker skal sendast ut til kunden same dag som vi får inn bestillinga, seier Hammer.

Det er forlagshuset Vigmostad & Bjørke AS som eig samtlege aksjar i haugenbok.no. Vigmostad & Bjørke kjøpte tidlegare i år også nettbokhandelen akademika.no, og haugenbok.no har no også teke over utsendinga av bøker som kjem inn til akademika.no.

For å ta unna veksten har haugenbok.no i sommar tilsett tre nye i staben sin. Ved siste årsskifte var dei 29 tilsette, fordelt på 22 årsverk. I tillegg leiger dei inn ekstrahjelp for å ta unna toppane rundt skulestart.

Og det er nødvendig at dei tilsette set alle klutar til, for Lars Ove Hammer fortel at den boka dei akkurat no sel mest av er ei bok om strikkeklutar, nemleg Bitta Mikkelborg si bok «Kluter».