– Eg har mellom anna nyleg vore 14 dagar på Sunnmøre, og fotografert furutre i Stranda, Sykkylven, Norddal og Haram, fortel fotografen som har base i Rindal.

Han måler trea i kubikk, og har difor alliert seg med ein fjellklatrar som tek seg til topps i trea for å finne lengda, og ein matematikar som finreknar på tala for å finne kor mange kubikk treet er.

Kvar Gåsvand fann den største furua vil han ikkje røpe før boka kjem ut seinare i haust.

Trollheimen

Boka har forresten fått tittelen «Furukjemper i Trollheimen. Letingen etter Norges største furutrær», og blir gjeve ut på eige forlag.

– Ettersom du har Trollheimen i tittelen, så har du vel også avslørt at det var der du fann den største furua?

– Nei, det er ikkje sikkert. Trollheimen har dei fleste store furutrea, men ikkje nødvendigvis den aller største, seier Gåsvand løyndomsfullt.

– Men eg kan iallfall seie så mykje som at eg har funne ei som er større enn den furua som Wikipedia oppgjev som størst i landet, smiler fotografen frå Rindal.

Ettersom det framleis er nokre veker til boka skal gjevast ut, så er det framleis mogleg å tipse Gåsvand om digre furutre. Men då må du vere lynrask.

– Sjølv har eg tråla rundt, besøkt utruleg mange kommunar, snakka med dei lokale skogbrukssjefane og møtt mange grunneigarar for å finne fram til dei største trea, forklarer han.

– Kvifor denne fascinasjonen for furu?

– Fordi furua er det største symbolet på norsk villmark. Dei er så store og så gamle. Mange av dei eg har fotografert er over 500 år gamle. Ja, nokre er blitt 7–800 år.

Heile året

Difor har han, utstyrt med fotoapparat, jakta på store furutre gjennom alle fire årstidene – og i all slags vêr.

Han har gått til fots, på ski eller brukt kano. Og det har hendt han har overnatta ute under open himmel. Heile tida har drivkrafta vore å finne den aller største furua i Norge.

Boka som snart er klar for trykking blir på 333 sider, eller «tre-tre-tre», som fotografen sjølv uttaler det.

– Eigentleg er denne boka ei vidareføring av ein konkurranse som NRK arrangerte for eit tiårs tid sidan. Dei etterlyste då dei største trea. Då vart den største fura kåra til å stå i Troms. Men det tok ikkje lang tid før det dukka opp ei i Surnadal som var større, fortel fotografen.

Morten Gåsvand har galleri heime i Rindal der han stiller ut bilete, og han arrangerer fotosafari og kurs – gjerne i Trollheimen.

Rangering

Den nye boka får altså bilete av fleire hundre furutre, der dei 15 største i landet blir rangert.

Dette er 53-åringen si aller første bok, men neppe den siste:

– Kva for treslag skal du ta føre deg i neste bok?

– Då begynner eg på bjørka. For ho er så fin, synest eg, svarer han med eit smil.

Orda kjem frå mannen som sjølv kallar seg dokumentarfotograf, med særleg interesse for gatefoto og naturfoto – ei litt uvanleg blanding av to ulike sjangrar og tradisjonar, men som fører han både til travle millionbyar og ut i folketomme skogar. Med store furutre.