Ein ungdomsskule, ein barnehage og eit omsorgssenter har allereie fått besøk av eit knippe av musikarane. Dette kjem i tillegg til foredraga, seminara og meisterklassene, der kulturskuleelevar og høgskulestudentar får musikalsk oppfølgjing. Eitt av føremåla med arrangementet er at det skal femne vidt og vere tilgjengeleg for dei aller fleste av oss.

Bestillingsverk

Årets utgåve av festivalen er blitt meisla ut med 1814 i tankane. Eit bestillingsverk signert komponisten Bente Leiknes Thorsen kommenterer tida Norge har hatt som sjølvstendig musikknasjon, så vel som viktige hendingar for nasjonen vår. Verket til Thorsen har fått tittelen «Norsk potpurri – hits 18142014», og blei urframført under gårsdagens konsert. Annar Follesø og Wolfgang Plagge – som er dei faste kunstnariske leiarane i Sunnmøre kammermusikkfestival – framførte verket saman med sopran Berit Norbakken Solset og musikarane Sølve Sigerland, Eriikka Nylund og Jonathan Aasgaard.

Begeistra komponist

– Musikarane var fantastiske, og det var spennande å følgje med på responsen frå publikum undervegs, uttrykte festivalkomponist Bente Leiknes Thorsen etter endt konsert.

Hopkinson, Mozart, Schumann og Beethoven hadde lagt hand om det andre repertoaret. Sistnemnde komponist har fått spesiell merksemd i årets festivalprogram, sidan han var så medviten si samtid og kjempa for fred, fridom og menneskerettar.

Songtalentet Ivar Hustadnes Muren stod for ei sterk og kjenslevar tolking av Les Miserables-stykket «Empty chairs at empty tables». Med si varme røyst rørte han publikum, som responderte med langvarig applaus.

Meir å gle seg til

Også dei to konsertane i kveld – på Fredheim i Ulsteinvik og på Aasentunet i Ørsta – innlemmar unge, lokale musikktalent i programmet. Vinjar Drage og Eirik Stave blir å høyre høvesvis i Ulsteinvik og i Ørsta.

Laurdag blir det heile avslutta med konsert i Kaarstadhuset. Ein jury sett saman av festivalartistar vil bestemme kva for ein kandidat som får tildelt det gjeve talentstipendet på 25.000 kroner.