Det seier vertsparet Bjarne og Margrete Rekkedal ved Rekkedal Gjestehus i Bondalen. Dei har stadig gått nye vegar og stadig utvida konseptet til nye kulturopplevingar for gjestene. No vert altså det heile toppa med å ta i bruk det siste store og ledige innandørs arealet på garden: Kufjøsen som vart bygd med stor optimisme og innsats først på syttitalet.

Bildeserie: Kufjøs vart kunstfjøs

Alt nytt

No står fjøslokala der og er ikkje til å kjenne att – korkje på lukta eller utsjånaden. Alt er høgtrykksspyla, desinfisert, tørka ombygd, innebygd, nymåla og strigla. Midt på fôrbrettet er rigga opp ein massiv grill av stein og skifer, og der avtrekksvifta for fjøslukt er bytt mot avsug for åreeld og røyk.

Kunstmålaren og familievenen Sigmund Årseth tok ut alle fargar og noterte ned kodane like før han døydde i fjor. Bakstebord som bardisk. Bryggje-så i megaklassen.

Chesterfield-stolar i inngangen – som tidlegare var forsentral. Stålkjøkken i mjølkerommet. Publikumstoalett der avløysaren tidlegare rådde.

Endringa

Tidene har endra seg på bondegarden her.

– Vi har sett så uendeleg mange fjøs frå same tidsepoke stå tome og triste. Orkanen bles ut vindauga i vår fjøs, mellom anna, og vi stod framfor anten riving eller investeringar i vedlikehald for ein ubrukt bygning.

– Det var i samband med dette at ideen om å kombinere oppgradering med eit heilt nytt og nokså unikt serverings- og møtelokale modna fram, fortel Bjarne Rekkedal.

Les fleire nyheiter frå Søre og Nordfjord på smp.no

Markering

Kona Margrete fortel om ein omstendeleg prosess, som har gått parallelt med drifta av eit fullbooka gjestehus.

– No i helga innvier vi det ferdige serveringsfjøset med kunstutstilling for den lokale kunstnaren Kjell Idar Saure.

– Han er rasande flink, og absolutt verdig til å markere innflyttinga i vårt nyaste og kanskje mest spesielle lokale, seier Rekkedal.

Kunstnaren vil få nesten uavgrensa med veggflate til bilda sine.