Mellom 600 og 700 personar var i løpet av laurdag og søndag innom Studio Hugo Opdal på Flø. 15 signerte trykk av den kjende spanske kunstnaren Pablo Picasso vart stilt ut i havgapet.

– Det var veldig godt trøkk, konstaterer studiomanager Audun Hopland.

Det mest kjende

Og salet gjekk heller ikkje så verst. Trykka hadde ein verdi på mellom 30 000 og ein million kroner. Søndag ettermiddag jobba galleriet framleis med nokre sal, men hadde til då seld Picasso-kunst for mellom 800 000 og 900 000 kroner.

Den største summen var det salet av «Faun avdekker sovende kvinne» som stod for. Det gjekk for 520 000.

Om det kjende trykket no har fått seg ein heim på Sunnmøre, vil Hopland derimot ikkje seie noko om.

– Vi seier ikkje noko om kven kjøparane er, det får dei fortelje sjølve, om dei vil det, konstaterer studiomanageren.

Mange frå Sunnmøre

Det han derimot vil sei noko om, er dei besøkande.

– Det var veldig mange her frå Sunnmøre, og spesielt Ålesund. Dette er jo eit kunstgalleri i nasjonal samanheng som burde favne heile regionen. Og det kom fram i helga, seier Hopland.

Utstillinga var eit samarbeid Blomqvist Kunsthandel i Oslo, og i løpet av helga har dei visst allereie byrja å snakke om neste samarbeidsprosjekt, men noko meir vil ikkje Hopland røpe.

«Faun avdekker sovende kvinne» gjekk for 520 000 kroner.