– Vi representerer ein artistisk stamme frå Snipsøyrdalen i lille Norge. Her finn du koring i fjella, glade flaumar og litt skuggemelodi.

Dette er skildringa vokalist og låtskrivar Sondre Skrogen bruker når han skal karakterisere gruppa Skóg. Sjølv er han frå Snipsøyrdalen i Hareid. Med på trommer, banjo og koring er Vegard Johansen frå Søvika, Ole Nogva frå Skodje spelar bass.

Slappe journalistar

Det er tidlegare erfaring med journalistar som gjer at namnet blei som det blei.

– Sondre Skorgen vart ofte Sondre Skogen, så det var ein spøk ut av det. Men det er stort potensial i namnet, ein kan gjere mykje med det, fortel Skorgen.

For Skóg er ikkje berre eit ordinært band som lagar og spelar songar.

– Ein må ha noko meir om ein skal overleve som musikar og entertainer, konstaterer vokalisten. Planane er mange og store.

– Til slutt vil vi gi ut eit heilt konsept med filmar, bilete og teikneseriar av karakterar som bur i skogen. Det blir som ei barnebok, men for eldre, sidan det er tunge tema vi tek opp.

Se dagens lunsjkonsert øverst i artikkelen

Samfunnskritisk

Skorgen byrja i år på musikkdesign ved Norges Kreative Høyskole i Trondheim. Med seg i bagasjen har han eit år med samfunnsvitskap, noko som har gitt han mykje idear til låtar.

– Eg skriv mykje samfunnskritikk. Eg fekk både innsikta og interessa for det etter året med samfunnsvitskap, fortel Skorgen.

På Scena i dag spelar Skóg dei tre låtane «Crime», «Sunday» og «Memento mori», i tillegg til ein intro dei har kalla «Putekrig».

– «Memento mori» handlar om dødsangst. At ein må gripe dagen. Ikkje vere redd for å gjere det du vil. Plutseleg er du død.

Ope prosjekt

Skorgen har i eit års tid jobba med materiale til Skóg, men det var ikkje før på førsommaren at Ole og Vegard kom inn i biletet.

– Vegard er med i studio som medprodusent og har mykje gode idear vi legg til musikken. Ole er mest med og spelar live. Dette er eit ope prosjekt der folk kan få bli med, forklarar Skorgen.

Musikken blir lagt ut på nettsida Soundcloud der det også står ei klar oppfordring: «Don’t hesitate to ask if you want to be part of the forrest.»

Se dagens lunsjkonsert øverst på siden

Se tidligere lunsjkonserter her:

Scena: Harald Olsvik

Scena: Lena Nymark

Scena: Ine Hoem

Scena Hayden

Scena: Jonas Volle Åkre

Scena: Ketil Strand

Scena: Ingrid Johanne Fylling Nupen

Scena: Robert Post

Scena: Tellef Raabe

Scena: Sigrid Raabe

Scena: Stine Hole Ulla

Scena: Stig Ulv

Scena: Liv Håker

<strong>Lunsjkonsert:</strong> Vokalist og låtskrivar i Skóg, Sondre Skorgen, ser føre seg eit heilt konsept med både teiknefilm og bilete knytt opp til musikken. T.v. trommeslager og medprodusent Vegard Johansen, t.h. bassist Ole Nogva.