– Denne utmerkinga betyr mykje for meg. Det er eit vitnemål på at folk, bokstaveleg talt, set pris på den musikken eg har komponert. Musikken har gjeve meg ein verdi ved å hjelpe meg å forstå eksistensen litt betre. At andre også verdset den er ein kjempebonus, seier Åm til Sunnmørsposten.

Åm tok mot utmerkinga under innviinga av Fosnavåg konserthus, for samtidsverket: «inngang, nærver, utgang (konsert for bratsj og strykarar)». Stykket blei uroppført under Hardanger Musikkfest i juni 2013. Innbyggjarane i Fosnavåg fekk høyre verket framført av kringkastingsorkesteret fredag kveld.

Prisen

Prisen Åm tok imot består av Bruno Oldanis unike trofe, eit diplom og 50.000 kroner. Prisen blei overrekt til sunnmøringen av Jan Erik Mikalsen, som vann prisen i fjor. Mikalsen las også opp juryen si grunngjeving:

– Magnar Åm har vore tydeleg til stade i norsk musikkliv sidan tidleg på 1970-talet med sin lågmælte stemme. Han dyrkar transparens og enkelheit, og ynskjer å skrelle musikken ned til kjernen.

Vidare forklarar TONO at verket grip frå fyrste stund, og talar sterkt med enkle verkemiddel. Uttrykksfulle tema oppstår ut frå ingenting, musikken trekk seg tilbake, og resten blir opp til lyttaren.

Pengesummen som Åm tok imot vil gå til vidare arbeid med musikken. Han håpar å bruke prisen på innspelingar og at den skal kunne bringe nye verk ut til folk som set pris på komposisjonane hannar.

Samtidsmusikk

– I verka mine prøvar eg å spegle samtida. Ved å hente inspirasjon i livskjensla eg går å føler på i dag skaper eg det vi kallar for samtidsmusikk. Når eg skriv musikk ut frå denne kjensla blir det eg skriv ein kommentar til samtida, forklarar Åm.

Samtidsmusikk blir ofte brukt som ein fellesnemnar for kunstmusikk i det 20. århundre. Det som skil samtidsmusikken i dag ut frå tidlegare samtidsmusikk er at der i dag har kome inn nye måtar å tenke tonalitet på.