Dansen på stovegolvet er det første musikalske minnet til Christoffer Roppen Masters frå Flø. No er 22-åringen frå den vesle bygda i Ulstein på veg opp og fram i lyset som hiphop- og rap-artist.

Laurdag kveld kjem han inn i dei tusen heimar gjennom tv-skjermen. I premieren på NRK-serien «Da KORK kom til bygda» er Masters eitt av tre musikalske talent frå Søre Sunnmøre som får stå på scenen saman med sjølvaste Kringkastingsorkesteret (KORK) – og det i beste sendetid.

Les fleire kulturnyheiter på smp.no

Døropnar

– Eg håper at mi deltaking i programmet kan opne dører for musikk-karrieren min. Elles må eg seie at det er få ting som kan måle seg med å stå på scena med eit komplett symfoniorkester i ryggen. Det var fantastisk!

Under innspelinga av programmet i mai i år, dukka plutseleg far til Masters opp medan 22-åringen stod på scenen og øvde. Faren bur i USA, og dei to hadde ikkje sett kvarandre på to år.

– Det var veldig spesielt, eg vart svært overraska og veldig glad. Det beste av alt var at faren min aldri hadde sett meg opptre før, og så fekk han sitje på første benk i salen under den største og beste framsyninga eg har hatt, fortel hiphoparen frå Flø.

Odelsgut

Chris Masters har vakse opp på gard og er odelsgut, men familien støttar han i å satse på musikken. For halvanna år sidan flytta han til Bergen for å kome nærare kontaktane sine i bransjen. 22-åringen jobbar som barne- og ungdomsarbeidar på dagtid, og med musikk på kveldstid. Draumen hans er å kunne leve av musikken åleine.

I rap-tekstene sine skriv Masters ofte om kvardagslege ting som han håper kan vere oppløftande og inspirerande for andre.

Djupne

– Eg ønskjer at låtane mine skal ha ei djupare meining enn mykje av den musikken vi høyrer på radio i dag. Om det berre er ein einaste person som tek til seg ein tekst eg har skrive, så har eg oppnådd det eg ønskjer, forklarer han.

Nyleg skreiv og spelte Chris Masters inn Norges første fair play-låt med Valder IL, som vann Fair Play-prisen i fjor.

– Eg er glad for å kunne bidra i eit viktig arbeid blant barn og unge. Det betyr mykje for meg å kunne inspirere unge til å vere den beste utgåva av seg sjølv, og til å sjå det beste i andre.

Følg smp.no på Facebook

<strong>Rørande møte:</strong> Under innspelinga av «Da KORK kom til bygda» dukka faren til Chris Masters opp heilt overraskande. Faren Mark Anthony Masters bur i USA, og dei to hadde ikkje sett kvarandre på to år. Foto: NRK
<strong>Satsar:</strong> Chris Masters prøvde seg på å rappe første gong under ein skulekonsert med hiphopgruppa Side Brok. For halvanna år sidan flytta han til Bergen for å kunne satse på musikken i større grad.