– Fantastisk å selje så mykje kunst på ei helg. Det viser at Vikhagen har kombinasjonen av å vere ein nasjonal anerkjend kunstnar med lokal tilknyting som treff folk i denne regionen med måleria han lagar.

Det seier Studio Manager Audun Hopland. Det var på laurdag at utstillinga med Håvard Vikhagen opna i Studio Hugo Opdal med 23 verk, med pris frå 12.000 til 180.000 kroner, på galleriveggene.

Følg smp.no på Facebook

I løpet av kort tid var 15 av verka selde.

– Kjøparane er frå regionen her, fortel Hopland som legg til at rundt 500 barn og vaksne var innom galleriet i løpet av helga for å sjå måleriutstillinga.

Sist Vikhagen stilte ut på Flø var i 2010. Då selde han kunst for 800.000 kroner.

Tek inn underskot

Håvard Vikhagen er ikkje den einaste kunstnaren som har hatt millionsal av kunst i Studio Hugo Opdal i år.

Utstillinga i mars med Bjarne Melgaard selde for rundt 3,1 millionar kroner, Sverre Bjertnæs selde for nesten ein million første visingshelga i april, og utstillinga med Pushwagner no i oktober i Jacu Kaffefabrikk i Ålesund landa på eit kunstsal på 1,7 millionar kroner.

– I alt 98 Pushwagner-verk gjekk unna på Jacu. Heile 2014 har vore eit fantastisk godt år når det gjeld kunstsal. Det gjer at det ser ut til at vi klarer å ta inn underskotet vi hadde på 600.000 kroner i fjor, seier Audun Hopland.

Les fleire kulturnyheiter på smp.no

Moodssalet svikta

Hopland fortel at kunstsalet ved Studio Hugo Opdal var godt også i 2013, men at det var salet i Moodsbutikken i etasjen under galleriet som ikkje klarte å nå forventa salstal.

– Det resulterte i at selskapet Go With The Flø, som omfattar både kunstgalleriet og butikken, gjekk med underskot. Men det er ingen dramatikk i dette. Med årets svært gode kunstsal klarer vi å rette opp fjordårets tap, seier Studio Manager Audun Hopland.

<strong>Godt sal:</strong> Hugo Opdal og Audun Hopland gler seg over at Pushwagner-utstillinga på Jacu selde for 1,7 millionar kroner. Foto: Staale Wattø