– Eg tek naturen inn og skaper ei personleg, leikande julestemning i romma. Her er ingen gjennomført stil,- eg leikar meg med fargar, materiale, ulike stilar og lagar min eigen miks.

Det seier interiørskapar Kathrin Røssevold. Denne helga opnar ho døra for alle som vil kome inn og sjå korleis ho pyntar til jul i den ombygde løa ho og familien hennar bur i på Valderøy.

– Det gjer eg for å glede, oppmuntre og inspirere andre med å gi interiørtips. Å pynte ein heim, slik at det blir skapt ei personleg og stemningsfull ramme rundt jula, treng ikkje koste mykje pengar. Eg blir stressa av dette julekjøppresset. Difor pyntar eg med bjørkekvistar, furugreiner, mose og konglar som eg finn på mine mange turar ute i naturen. Alt dette danderer eg saman med sviblar og ting eg har i huset, fortel Kathrin som brukar naturmateriala til noko heilt anna enn borddekorasjonar.

– Dekorasjonar likar eg ikkje. I staden har eg meir sansen for det tilfeldige,- og plasserer greiner her og der og let eit dryss av konglar lande på bord og benker, seier stylisten som let konglar, bjørk- og furukvistar gå som ei berande julepyntline gjennom heile løehuset.

Lystrapp

Lysande girlander opp løetrappa. Ei tre meter lang, lysande julestjerne på eine uteveggen. På lang lei viser det at her er det julepynta på uvanleg vis. I 1998 kjøpte Kathrin og ektemannen Kjell Arne Røssevold den gamle løa på Nordstrand. Etter to arbeidssame år, feira familien på fem si første jul i ei totalrenovert løebygning i 2010.

– Vi ville ta vare på kjensla av at dette har vore ei løe, fortel Kathrin og siktar til den røffe innreiingsstilen med bruk av betong, vegger dekt av gamal løepanel kombinert med store glasflater og vindeltrapp i stål mellom dei fire etasjane i løehuset.

Vindeltrappa har Kathrin pynta med lyslenke og bjørkekvistar. Det same har ho gjort med gelenderet mellom det opne kjøkken- og stoverommet og brua som går inn til foreldresoverommet.

Kontrastar

– Eg likar denne opne stilen med masse lys og luft, seier ho og ser seg om i det store allrommet der heile austveggen har store vindaugsflater med panoramautsikt mot fjell og fjord.

Stor sans har ho for å kombinere moderne designmøblar, med stolklassikarar frå 1950-talet med ei gamal målingssliten naustdør pynta med krans av einerkvistar og rusta fjøslykter. På stovegolvet har stylisten plassert ein gamal sparkstytting, og eit juletre ho har snikra saman av løemateriale. Lyskransen på stoveveggen har ho laga av ein kveil med hesjestreng.

– Sparkstyttingen symboliserer meg. Eg er ei sånn «på sparken-type», ler Kathrine som jobbar spontant, og likar å sette saman interiør på overraskande vis.

– Eg har ein leiken, litt barnsleg stil, og blir stressa når ting blir for alvorleg og stivt. Vi må ha det litt moro rundt oss, meiner stylisten i det ho plasserer furukvistar i horna på eit stort elghovud i kvitt porselen, som tronar på stoveveggen.

Byr til bords

Når Kathrin Røssevold byr familie og vener til bords i jula, dekkjer ho festbord som ser svært ulike ut.

– Sjølv om eg brukar same naturmateriale,- får to bord heilt ulike uttrykk. Berre sjå her, seier ho og peikar mot ferdigpynta julebord.

Det ein er dekt på grovt løematerial, pynta med brunt bølgjepapp og telys i gamle sandkakeformer mellom konglar og mose. Englepynta juletre forma av papp er festa på ein pinne som stikk opp frå ein klementin. Slik kan bordkort ordnast.

– Og her er det kalde vinterbordet, seier interiørskaparen om det som er dekt med kvit duk og lysande iskrystallar. Kva tallerken er pynta med liten svibel ei lita naken grein. Eit julebord med litt vårgrønt som spirer ut av snøen.

<strong>Bordkort:</strong> Lunt julebord dekt på løematerial. Løpar av bølgjepapp, telys i gamle sandkakeformer skaper stemning. Englepynta juletre forma av papp er festa på ein pinne som stikk opp frå ein klementin. Slik kan bordkort ordnast. Foto: Staale Wattø
<strong>Utsikt:</strong> – Eg likar den opne, luftige stilen. Og nyt utsikta mot fjell og fjord, seier interiørskaparen ved to julepynta bord. Foto: Staale Wattø
<strong>Luftig:</strong> Tett på naturen ute og inne. Med bjørkekvistar, konglar og furugreiner tek Kathrin Røssevold naturen inn for å pynte til jul i bustaden sin. Juletre har ho snikra av gamalt løematerial, og sparkstyttingen er tatt inn i stova for å skape vinterstemning. Foto: Staale Wattø
<strong>Lys:</strong> Lyslenkjer og bjørkekvistar slynger seg opp vindeltrappa som går mellom fire etasjar. Foto: Staale Wattø