– Det skal bli skikkeleg stas å synge inn jula i heimbygdene våre. Tradisjonelle julesongar og skikkeleg julestemning skal det bli. Maria Holand Tøsse tindrar når ho snakkar om dei to kommande julekonsertane ho skal halde saman med Hildegunn Garseth Ulvestad og Iris Roppen Tangen.

Sjå lunsjkonserten i videovindauget over!

I kveld er SANS-damene å høyre i Hareid kyrkje, og laurdag kveld flyttar dei songen sin til kyrkja i Maria si heimbygd Stordal.

Scena-konsert

Men før det skjer har eit stort publikum sjansen til å oppleve dei tre live på nettet.

I dag er det Trioen SANS som held lunsjkonsert på Sunnmørsposten si kulturscene.

Lunsjkonsert: I formiddag er det Trio SANS som held Scena-konsert. I kveld held Iris Roppen Tangen, Maria Holand Tøsse og Hildegunn Garseth Ulvestad julekonsert i Hareid kyrkje.

Lunsjkonserten byr på klangfull framføring av «Himmel på jord», låten Kurt Nilsen har gjort kjent, ein medley av kjende julesongar trioen har sett saman på sin særeigne, oppjazza måte, og den humoristiske låten «All about that boss».

– Den handlar om kroppen vår, og at det er betre med litt for mykje enn for lite, fortel Maria Holand Tøsse.

– Ja, eit lite spark til kroppshysteriet, særleg no i jula. Hugs på at i jula skal ein ete og kose seg, kjem det raskt frå Hildegunn som forklaring på den muntre låten dei har putta inn mellom julesongane.

Særpreg

– For å vise publikum kva type musikk vi steller med elles i året, forklarer dei tre artistane som fann kvarandre musikalsk då dei var elevar ved musikklina i Fagerlia. Hardrockbandet «Mellinfluous Lunacy» er historie. No satsar trioen meir på popsjangeren når dei tek på seg songoppdrag. Sist påske farta dei rundt i heimbygdene sine og framførte sine eigne versjonar av coverlåtar.

Full jul

No er Maria, Iris og Hildegunn klare for julekonsertar på Hareid og i Stordal.

– Då satsar vi a capella. Det blir mykje trestemt framføring av tradisjonelle julesongar. Skikkeleg julestemning skal det bli, med masse lys og julesongar. Det blir magisk, lovar artistane som gler seg skikkeleg til å halde konsert i heimbygdene sine.

– Det er så god akustikk i kyrkjene, og så er det så kjekt å synge for folk vi kjenner, meiner SANS-damene.

Kva for artistar vil du sjå på Scena? Gi oss ditt forslag i kommentarfeltet: