«Jeg er forresten litt nervøs. Kvalm av spenning. Jeg har ingen forhåpninger på å vinne pris men herregud så kult det hadde vært da..»

Det er onsdag kveld. På bloggen «Komikerfrue» har Marna Haugen lagt ut eit bilete av seg sjølv i stolen. Ho er klar til å bli sminka og dulla med etter alle kunstens reglar før Vixen Blog Awards i Oslo.

Dette er ei årleg kåring av norske og internasjonale bloggar, der det vankar prisar til dei mest inspirerande, kreative og nyskapande bloggane innan mote, trend, skjønnheit, interiør og livsstil.

Les også: Ørsting er folkets favorittblogger

Kjenner seg att

Ho kunne leggje vekk all nervøsitet etter å ha motteke folkets pris for årets blogg. Sidan det kjem frå lesarane, synes Haugen at det er ekstra stas å ta i mot.

- Eg har fått tilbakemelding om at det er høg gjenkjenningsfaktor i bloggen. Den fungerer som eit vindauge inn i kvardagen min, der eg bruker mykje humor når eg fortel om det som skjer. Eg skriv om babygulp, mangel på søvn og kranglar med mannen min, men også meir glamorøse sider ved livet mitt.

Ho må innrømme at det òg er ein fin arena for å skyte tilbake mot komikarektemannen Ørjan Burøe, som har vitsa på hennar bekostning frå scenekanten. Bloggen er Haugen si scene. Der kan ho utfalde seg fritt.

Gjør som flere enn 21.000 andre - lik smp.no på Facebook

Alvorleg kreftsjuk

Haugen trur at folkets pris er eit vendepunkt, som kan bidra til at ho finn tilbake til den friare stilen ho hadde før.

- Eg var frekkare i skrivemåten før. No vegrar eg meg meir mot å skrive om enkelte ting. Kan hende har eg vore litt prega av år med graviditet og hormonar, seier ho tørt. Ho føler det er på tide å frigjere seg litt igjen. Prisen er ei stadfesting på at det ho gjer er bra nok.

Haugen set òg pris på dei mange tilbakemeldingane frå kvinner som har funne trøyst i at ho har delt av sine erfaringar då ho var alvorleg kreftsjuk. Det å gi andre kvinner som slit med det same, eit lyspunkt i kvardagen, kjennest fint.

- Bloggen brukte eg som ei dagbok, for å kvitte meg med tankar om sjukdomen, noko eg fekk kjemperespons på. Eg føler at nordmenn siste par åra har blitt meir og meir opne, og det trur eg er sunt.