2014 vart eit godt år for 15-åringen Even Sævik frå Herøy. Han vann både Drømmestipendet og Ung Talent. 2015 startar han med lunsjkonsert på Scena.

– Det er veldig kjekt å synge og spele for andre, og få gode tilbakemeldingar. Det er god motivasjon, seier Even.

Hva skjer? Sjekk kulturkalenderen på smp.no

Han har sunge så godt som heile livet, men det var ikkje før for rundt fem år sidan at han byrja med songundervisning på kulturskulen.

– Eg har vore med i fleire ulike kor og vokalgrupper, både før og etter eg byrja med songundervisning. No er eg med i Herøy Gospel, forklarar Even.

Vil lage låtar

Under dagens lunsjkonsert på Scena syng Even Phil Colins sin «In the air tonight», Egil Eldøens «Peter Pan» og «Yeah Yeah Yeah (Is my song)» av Samuel Ljungblahd.

– Eg liker eigentleg det meste, men det blir mykje rock og RnB.

Even har også ein plan om å lage songar sjølv.

– Eg har berre ikkje byrja heilt enda.

Fleire instrument

På minikonsertens siste song er også ukulela hans med. Eit av fleire instrument som 15-åringen beherskar.

– Eg spelar også litt piano og litt slagverk. Piano har eg lært av bestemor og slagverk av onkelen min, forklarar Even.

Les flere kultursaker på smp.no

Framleis går han på ungdomsskulen, men straks er det tid for å velje vidaregåande skule.

– Eg skal søke musikklinja i Volda. Så har eg ein draum om å ein dag leve av musikken og lage eigne låtar. Eg vil glede andre og ha det kjekt sjølv, seier Even.

Konkurransar

I mai deltok Even på Ung Talent i regi av storbandet Big Odd Band. Der framførte han «Rock Steady» av Ole Børud. Framføringa førte han til toppen og han vart kåra vinnar.

– Det var veldig kjekt! Eg har vore med tidlegare også, men det var heilt uventa å vinne, seier Even.

Og ikkje nok med det. Månaden etter vart han overraska med Drømmestipendet, 10 000 kr utdelt av Norsk Tipping og Norsk kulturskoleråd.

– Noko har gått med til å kjøpe instrument og utstyr, og så håper eg å bruke litt til ei innspeling etter kvart.