Sulekha Ali Omar har kjent det på seg sidan ho stod opp i dag tidleg – det er noko heilt spesielt å skulle spele Vaffelhjarte-teater i Vanylven, heimkommunen til forfattar Maria Parr.

— Det er tydeleg at alle her har eit forhold til Vaffelhjarte, og eg såg fullt av små Maria Parr-ar i salen, ler Omar.

Ho spelar Lena i teaterversjonen av den populære barneboka, sett opp i eit samarbeid mellom Sogn og Fjordane Teater og Den Nationale Scene i Bergen.

Kva skjer? Sjekk kulturkalendaren på smp.no

Skulesekken

I januar, februar og mars er teaterstykket på turné i Sogn og Fjordane for Den kulturelle skulesekken.

Fredag var det skuleframsyning for elevar frå Stad og Selje - i Olivinhallen på Åheim. Seinare i kveld er det duka for ei av få opne framsyningar av Vaffelhjarte, også den i Olivinhallen.

Kveldsframsyninga har kome i stand etter påtrykk frå vanylvingar som meinte at også sambygdingane til Vaffelhjarte-forfattaren burde få ein sjanse til å sjå framsyninga.

Les fleire kulturnyheiter på smp.no

Utselt

— Vi la først ut 200 billettar til den opne framsyninga i kveld. Dei var borte på ein augneblink. Deretter la vi ut 50 til, og dei forsvann like fort som dei første. Så kom vi til at vi kunne skvise inn endå 50 personar, og også dei siste billettane forsvann før vi fekk sukk for oss. Og likevel er det mange som ikkje har fått billett, fortel turnéleiar Odd Magne Herland.

<b>VARME: </b> Som boka byr teaterversjonen av Vaffelhjarte på eit breitt spekter av kjensler. Preben Hodneland og Sulekha Ali Omar som høvesvis Trille og Lena er med på å gjere stykket varmt, artig, sørgmodig, sårt, viltert og vakkert.