Heile ni av dei tolv sceneinnslaga på UKM Sande laurdag var song. Dei unge talenta var innom fleire sjangrar.

– Alt frå A til Å, seier Lasse Strand Gule, som saman med Herman Brune Leikanger var kveldens konferansier.

– Både metal, ballade og pop er representert.

Kva skjer? Sjekk kulturkalendaren på smp.no

I tillegg til song vart det påmeldt ein musikkvideo for songen «Dance With the Devil» av Breaking Benjamin, ein grøssar kalla «tRe på rømmEn», samt ein dans.

På utstillingsdelen av kulturmønstringa var det mellom anna hekling, leire, teikning, portrett, naturmotiv og foto å sjå. Nettredaksjonen bestod av Emilie og Lina Kvalen.

I fjor vart det deltakarrekord for UKM Sande med heile 56 deltakarar, i år var det over 30 som deltok på kulturmønstringa som gjekk føre seg på Breidablikk på Larsnes.

Les også: Dikt-battle på HaramsøyaLes også: Bildeserie frå UKM i Sula

Sjå meir om UKM-forestillinga i Sande her - og sjekk kva som har skjedd ved andre mønstringar i fylket her (ekstern lenke)