• Sjå dagens lunsjkonsert øvst i saka

– Eg er så dårleg på å bestemme meg! Eg brukar ein time berre på å finne ut kva eg skal ha på skiva, så det kan ta si tid å finne ut kva eg skal gjere neste år, seier Amanda, lettare oppgitt.

Om under ein månad må ho likevel velje. Akkurat no tenker ho det kanskje blir NTNU, anten medisin eller sivilingeniør. Musikken føl uansett med på lasset.

– Eg har tenkt å ta det som det kjem. Blir det, så blir det. Sjølvsagt har eg ein draum om å leve av musikken, men eg vil ikkje legge vekk studia no, seier attenåringen, som er busett i Tennfjord og går internasjonal studiespesialisering på Fagerlia.

Gjør som flere enn 21.000 andre - lik smp.no på Facebook

Debut i reklame

Ho er ei av dei som har «sunge heile livet». Ho begynte på piano og dans som lita jente. Deretter vart det barnekor, og i åtte-niårsalderen begynte ho med songpedagog Audhild Haddal. No er det Solveig Håvik som er songlæraren.

I fjor vart ho valt ut til å fronte ei landsomfattande kampanje for Personskadeforbundet med debutlåten sin, «Run». Den vart spelt inn via ein kjenning, Andreas Holsvik. Han spelte den for nokre kollegaer i I&M der han jobba, og dei ville gjerne bruke låten i reklamekampanjen sin.

Amanda spelar «Run» på Scena i dag, saman med «Sarah», som ho har skrive sjølv, og Suzanne Vega sin «Luka».

Austeuropeisk element

– Eg skriv ofte om det som fell meg inn. Eg blir inspirert av vener og familie og det som skjer rundt meg. Nokon songar er djupare enn andre, fortel Amanda, som vil karakterisere musikken sin som «kjensleladd pop med fokus på stemma».

– Eg er også halvt gresk, så eg synest element frå austeuropeisk musikk er veldig interessant.

Hittil er det berre låten «Run» som er spelt inn. Men fleire står i kø.

– Framover er planen å spele inn fleire av songane mine, delta på forskjellige konsertar og berre kose meg med musikken. Det er mykje å gjere på skulen, så det er om å gjere å klare å gjere litt av begge deler, fortel Amanda.

<strong>Lunsjkonsert:</strong> Amanda Tenfjord serverer både sjølvskrivne låtar og coverlåtar i fredagens konsert på Scena. Foto: Nils Harald Ånstad