– Musikken er inspirert av heimstaden min Fosnavåg. Vi spelar instrumentalmusikk på nynorsk, fortel Vegard Kvamme Holum og siktar til debut-cd-en «Heim».

Den kom på marknaden for to veker sidan. No går trioen berre og ventar på sleppefest av vinylplata med debutmusikken Det skal skje i vinylsjappa Big Dipper i Oslo.

– Det er ein milepæl for eit band å gi ut sitt første album, så dette følest godt, seier 29-åringen som saman med dei to andre musikarane i trioen er klare til å presentere eit lite knippe av låtane sine på Scena. Under dagens lunsjkonsert spelar karane tittelsporet frå debut-cd-en «Heim», og låtane «Møllers» og «Vandring».

– Dei er plukka ut fordi dei speglar av musikkstilen vår, seier Vegard Kvamme Holum som har komponert alle tre.

Kammerpop

– Sjølv om dei to andre ikkje er sunnmøringar, så er cd-en litt sunnmørsk. Den er spelt inn ut mot havet ved Ocean Sound Recordings på Giske, og krinsar rundt tematikken heim, seier musikaren frå Fosnavåg som kallar den improviserte jazzen til Holum Trio for «kammerpop».

– Vi vil at musikken vår skal vere tilgjengeleg for folk som ikkje har eit forhold til jazz, samstundes som dei med solid jazzinteresse skal finne element dei legg merke til. Vi prøver å finne ein ballanse mellom dette, og legg vekt på å skape ei avslappa atmosfære slik at musikken ikkje blir for avansert.

Fann kvarandre

Det var i 2011, som studentar ved Norges musikkhøgskole at trompetist Vegard Kvamme Holum, Stian Andersen som spelar kontrabass og Øystein Aarnes Vik på trommer, fann kvarandre musikalsk. Sidan då har trioen spelt på jazzfestivalen og vitja fleire jazzklubbar rundt om i landet.

– Og fleire spelejobbar blir det utover våren, pluss ein lengre turne til hausten, fortel trompetisten og låtskrivaren som har flytta til Göteborg. Der oppheld han som ein del av det nordiske masterstudiet i utøvande- og komponiststudiet.

– Korleis skal det gå med trioen når du bur i Göteborg?

– Det er ikkje langt til Oslo her ifrå, så det kjem til å gå heilt fint.

<strong>Lunsjkonsert:</strong> I dag spelar Holum Trio på Scena. I trioen spelar Vegard Kvamme Holum (trompet), Øystein Aarnes Vik (trommer) og Stian A. Andersen.