Ej.

Det er alt. Men tit­te­len er len­ger: «I sku­le­sti­len, ret­ta av læ­ra­ren med raud penn tret­ti­ni gon­gar».

Altså or­det «ej».

Kortforteljinga er med i no­vel­le­sam­lin­ga «Risp i ber­get» som Or­ten lanserer i kveld, torsdag på Jo­se­fi­ne kafé på Har­eid.

Dert blir opplesing ved Orten, og song ved trubadur Odd Goksøyr og mannskoret Gollj og Gråstein.

Træl og taus

— Eg har leika meg med desse forteljingane, og eksperimentert meir enn før, seier Orten.

Dette er hans tiande utgjeving.

Samlinga inneheld 14 tradisjonelle noveller og 22 andre korttekstar, som graffiti på ein dovegg, runer rissa i berg, ei preike på gammaldansk. Amerikabrev, soldatbrev, bånsull og «Balladen om Handelause-Jo».

Det er historier om træl og taus, steinaldermenneske og vikingar. Om å vere ung jente og uønska gravid på 1600- talet, og i dag. Om einsemd både i og utanfor parforholdet, den gong som no.

Outsidere

— Det er mange lagnader i historiene mine. Mange outsidere. Dei som sit igjen når toget går. Det er ikkje eit fenomen som høyrer fortida til. Det har aldri vore enkelt å vere aleine, eller i eit parforhold, enten vi lever i 2015, eller ser tilbake til 1850 eller vikingtid, seier Orten.

Øystein Vidnes, forfattarkollega og formgjevar frå Vanylven, har laga omslaget til Ortens nye bok, slik han også gjorde med dei forrige; romanen «Rasmus Rebellen» frå 2013 og novellesamlinga «Sjabervik» frå 2011.

Etter boklansering i kveld gjer Orten seg klar for langtur til Italia. Ei slags danningsreise. Orten skriv på ei reisebok om Italia og landa rundt, som skal vere klar om to år.

Seks små ord

Hemingways berømte historie på seks ord var visstnok resultat av eit veddemål på bar. Hemingway skal ha insistert på at dette var hans litterære mesterverk:

«For sale: Baby shoes, never worn».

Nyboka «Risp i berget» av Øystein Orten. Øystein Vidnes har laga omslaget.