– Frå før hadde eg berre ein diplom i skihopp og utnemninga «Årets geit». Så denne målprisen set eg pris på. Det har vore tørke når det gjeld prisar, seier Liv Randi Bjørlykke i Sykkylven.

Laurdag får ho tildelt Målprisen 2014 av Sunnmøre Mållag. Grunngjevinga er «framifrå nynorsk målbruk i skrift og tale».

Kva skjer? Sjekk kulturkalendaren på smp.no

Liv Randi Bjørlykke er pensjonist, etter mange år som lærar og journalist. Og ho har skrive mange bøker, og skriv framleis. I alt har ho fem undervisningsbøker, åtte biografiar og andre bøker, tre lokalhistoriske bøker - og fem bøker med kåseri på samvitet.

Når ho får målprisen i Fosnavåg på årsmøtet i Sunnmøre Mållag, skal ho kvittere med nok eit kåseri. Det skal handle om ordet «rångt».