I ettermiddag var det duka for nok ein runde med Ungdommens kulturmønstring, og denne gongen var Norddal ein av kommunane som skulle få vise fram sine talent. Årets UKM var i regi av tiande klasse ved Valldal ungdomsskule, og etter å ha arbeidd hardt med førebuingane over fleire veker, var dei i ekstase då showkvelden endeleg kom.

- Det er utruleg kjekt at det vi har jobba så hardt med å få til, endeleg skal skje. Vi har gledd oss utruleg mykje, fortell Jørgen Linge (15) og Janita Døving (15) som var programleiarar for kvelden.

Dei syntest det var morosamt å få vere ein del av UKM, og meiner det er flott at det ikkje berre er mogleg å opptre, men også få sjansen til å vere med på eit prosjekt.

- Det er ikkje alle som har eit talent dei ynskjer å opptre med. Då er det utruleg flott at alle saman kan delta på arrangementet, enten ved å rigge, stå i kiosk eller selje billettar, fortel programleiarane.