Juryleiar, Nils Dagfinn Tandstad, var imponert over det han fekk servert i Sykkylven Kulturhus laurdag kveld.

- Eg kan ikkje anna enn minnest tilbake til eiga ungdomstid. Berre eit fåtal på den tida hadde det motet og den fridomen de har vist på scena i dag. Juryen er imponert over den høge kvaliteten, slo Tandstad fast.

Det betyr at det er ganske mange som kan leve i håpet om vidare avansement til fylkesmønstringa i Herøy seinare i vår.