- Ho får prisen for sin ufråvikelege vilje til å gjere nynorsk til eit elegant og velforma bruksspråk på alle delar av kunstfeltet, i Norge så vel som i andre land, heiter det i grunngjevinga frå styret i Nynorsk kultursentrum for å gi utmerkinga til Jorunn Veiteberg.

Prisen er på 100.000 kroner og blir delt ut under opninga av Dei nynorske festspela 25. juni.

– Dette var svært overraskande, men desto meir varmar det, seier Jorunn Veiteberg  etter at ho fekk vite om tildelinga.– På mitt fagfelt er det få som bruker nynorsk, men for meg har det aldri vore spørsmål om eit val. Nynorsk er språket eg har vakse opp med og som eg tenkjer best på. Kjekt at Nynorsk kultursentrum har lagt merke til arbeidet mitt, og prisen inspirerer til vidare innsats, legg ho til.

Kaizers på kunstfeltet

– Kunstfeltet er blitt dramatisk aktuelt i seinare tid og blir sett på harde prøver både kunstnarleg og språkleg, seier direktør Ottar Grepstad i Nynorsk kultursentrum i ei pressemelding. – I alle samanhengar og i eit miljø prega av konservative språktradisjonar har årets nynorskbrukar ordlagt seg på nynorsk, også i prestisjetunge publikasjonar utgitt i Tyskland. Kaizers Orchestra song på jærdialekt kvar som helst i inn- og utland. Jorunn Veiteberg er Kaizers på kunstfeltet, seier Grepstad.

Det er 15. gongen Nynorsk kultursentrum kårar Årets nynorskbrukar, og for første gong kunne alle interesserte føreslå kandidatar. 44 personar nytta høvet, og det gav juryen 29 grunngitte framlegg. – Den store interessa syner at prisen er viktig for mange, meiner Ottar Grepstad.

Fleire bøker

Jorunn Veiteberg er oppvaksen på Stord, ho er sjølvstendig næringsdrivande skribent og er no busett i København. Ho blei dr.philos. i kunsthistorie  frå 2000 med ei avhandling om norske plakatar, som no er eit standardverk. Veiteberg har dessutan signert eller redigert over 20 bøker om eit visuelt felt som strekkjer seg frå reklame, biletkunst, fotografi, plakatar, kvinnelege kunstnarar, samtidskeramikk og smykkekunst til monografiar og studiar. I åra 1998 til 2008 var ho redaktør for tidsskiftet Kunsthåndverk.