Han fortel at han likar å gjere det litt enkelt, med fine melodiar og tekstar som kanskje er litt spørjande.

Kristian Haugen er gitarlærar i tre kulturskular – i Hornindal, Stryn og Eid – til saman har han meir enn 50 gitarelevar.

Og han skriv alltid tekstar på nynorsk.

Album

«Eg lyttar til bølgenes slagOg speidar i kikkert frå landKanskje ein stormfull dag Finn du fram» (frå «Tulipan»)

I fjor vår kom hans første singel, «Tulipan». Og sakte men sikkert tar hans første album form.

– Eg håper det blir fint å setje seg ned og høyre på. Vi treng musikk til ulike tider og situasjonar. Men eg håper at det også blir ei variert plate også.

«Eg blir livredd når du går»

Med på albumet er også låta «Livredd», som han sleppte på YouTube i vinter. Den er inn-spelt heime i stova.

– Det er ein lengselsfull tekst som handlar om frykta å miste noko, seier Haugen.

– Folk spør gjerne kva tekstane handlar om. Eg prøver å vere litt tilbakehalden på det. Eg synest det er kjekt at det er rom for ulike tolkingar.

– Kven likar du sjølv å høyre på?

– Tom Waits, Neil Young.

Nynorsk

Han skriv alltid på nynorsk.

– Det er viktig at eg blir forstått. Då må eg bruke det eg kan best. Engelsk blir for komplisert i lengda, seier Kristian Haugen.

– Bokmål?

– Det går ikkje heller.

– Om nokon får lyst til å eksperimentere med gitar etter å ha høyrt på?

– Det er berre å lære seg nokre grep, finne ut om dette er moro. Det er ingen tvil om at gitar er det kjekkaste instrumentet.