Torsdag kveld gjekk 15. utgåve av grand prix av stabelen på Volda ungdomsskule. Scenesjarmen var som tidlegare år skrudd på for fullt. Og fantasien og innsatsen til elevane (og lærarane) er til å ta av seg hatten for.

Kåre og Kåre

Sverre Walderhaug og Knut Ola Svendsen i Lydkjelleren AS i Ålesund, har i alle fall dei ti siste åra teke turen til Volda for å syte for lyd og lys på grand prix-arrangementet.

– Vi jobbar mykje med profesjonelle artistar, men det er ekstra kjekt å sjå unge talent i aksjon. Fleire gonger har vi sett att folk på store scener, som vi først såg på eit skulearrangement. Her i Volda er det mange flinke elevar. Dei er så flinke at vi behandlar dei som profesjonelle - og det fortener dei, seier Walderhaug og Svendsen – eller Kåre & Kåre, som dei i alle tider har vorte kalla på Volda ungdomsskule.

Der alle er med

Visjonen til Volda ungdomsskule er «der alle er med», noko som vert ekstra tydeleg under det årvisse grand prix. Alle elevar i alle klassene er med på scenen.

– Det er ikkje noko elevane her på skulen lærer så mykje av som å vere med på grand prix, seier lærar og grand prix-general Klaus Blø.