Vidnes fekk gull i klassen for vaksen skjønnlitteratur, for sitt arbeid med omslaget til kortromanen «MS Liv» av Rolf Sagen.

Vinnarane blei heidra under eit arrangement på Nasjonalbiblioteket i Oslo torsdag kveld.

– Eg blei heilt perpleks over å få gull. Men det er ei fantastisk bok som det var rørande å jobbe med, av ein forfattar som har tydd mykje for meg personleg. Ho blei akkurat slik eg såg det for meg, uttalar Øystein Vidnes.

Multikunstnar

Vidnes er frå Fiskå i Vanylven, men bur i Leikanger i Sogn. I tillegg til å jobbe med andre sine bøker, skriv han også sjølv. Vidnes bokdebuterte i 2002 med «Bondeforteljingar», og følgde opp med boka «Ekstasar» i 2006.

I 2010 fekk Vidnes Kulturdepartementet sin pris for beste omsetjing for boka «Veslebror ser deg».

Snøhetta

Konkurransen om årets vakraste bøker har eksistert sidan 1933, og blir no administrert av Grafill, som er interesseorganisasjonen for grafiske designarar og illustratørar i Norge, i samarbeid med Nasjonabiblioteket, Den norske forleggerforeining og Tegnerforbundet.

Av alle påmeldte bøker, blir ei pekt ut som den aller vakraste. I år var det ein årsrapport for det østerrikske konsernet «Zumtobel» som blei kåra til «Årets vakraste bok», designa av det ikkje heilt ukjente byrået Snøhetta.