Bandet Vassendgutane er på farta igjen og snart klare med ny plate. I samband med platesleppet har Møre-Nytt laurdag ein artikkel om den komande skiva som får namnet «Skru Opp!».

So langt er alt vel - men karane som møtte journalisten var i godt humør, og slang ut av seg litt av kvart:  Mellom anna at ein av dei elleve låtane skulle heite «Klittekløe» - og altså handla om eit kjent underlivsproblem.

Gjer som fleire enn 21.000 andre - lik smp.no på Facebook

Problemet var berre at det ikkje var heilt sant.

– Nei, låta skal ikkje heite det. Det var no litt morosamt, men eg trur ikkje vi skal gå so langt. Vi spelar jo både for yngre og eldre. Førebels har ikkje låta fått eit namn, seier opphavsmannen Frank Willy Utgård til smp.no.

– Har fått nokre meldingar

Gitaristen innrømmer likevel at «joda, det har vore den interne arbeidstittelen», på instrumentallåta.

– På google får ein berre eit treff på ordet. Det betyr at låtnamnet i tilfelle vil skilje seg ut. Betyr ikkje det noko?

– Jo kanskje det, seier Utgård lattermildt:

– Vi har fått nokre meldingar og fleire meiner det er heilt i Vassendgutane sin ånd. Men det er no ikkje det finaste ordet ein kan bruke likevel.

Video og historia bak låta «Cowboyhatt og hjortevest»

Ikkje arg

Møre-Nytt-journalist Roy-Arne Folkestad må berre vedgå at han vart tatt ved nasen om kva låta skulle heite.

– Eg oppfatta det klart og tydeleg slik. Rett nok vart det sagt i ei munter tone at han ville kalle låta for det, men eg hadde ingen grunn til å misforstå, seier Folkestad.

Les også: Tjener gode penger på gamle slagereLes også: Feira platinaplate i Valldal

Journalisten tek det likevel med humor og ser ikkje nokon grunn til å henge med hovudet.

– Nei, nei. Bandet er ein fin og morosam gjeng. Slikt toler vi, seier Folkestad.

– Mykje gode låtar

Laurdag kveld spelar bandet i Florø, men om halvanna månad står plateslepp i Ørsta for tur. Den 15. mai riggar dei opp til storfest Kiwihallen, medan bandet entrar scena på Rockefeller i Oslo 30. mai.

Kva skjer? Sjekk kulturkalendaren på smp.no

Utgård seier karane gler seg til å kome med det første albumet på to år. Albumet er framleis ikkje ferdig spelt inn, og musikarane jobbar med å få ting heilt på plass.

– Vi meiner å ha mykje gode låtar, og vi har gjort oss flid med musikken. Eg trur folk kan bli litt overraska, seier gitaristen til smp.no.

Ifølgje Møre-Nytt går bandet litt tilbake til stilen på dei første platene. Og framleis står Sindre Aam for kring halvparten av låtane. Duoen Arthur Johan Bjørdal og Bjørn Dalene har laga resten, forutan instrumentallåta til Utgård.

Og det er altså heilt sant.

Gitarist Frank Willy Utgård seier han ikkje tør stå for låtnamnet som vart slengt ut på tøys i intervju med lokalavisa. Foto: Nils Harald Ånstad