- Eg hadde ikkje venta å treffe han slik, og vart heilt overraska. Miste munn og mæle. Eg blei gradvis fylt av ein medynk så svær at tårene kom i augene på meg. Og eg hadde ikkje felt ei tåre under heile krigen, skildrar Ragnar Ulstein.

Les meir: – Vi må vere vakne i vår samtid

Brent fast i minnet

Møtet med den norske mannen, som hadde teke eit anna val enn Ulstein under andre verdskrig og gått inn i hirdhæren for å kjempe på tysk side, har for alltid brent seg fast. Dette minnet står for Ulstein som den sterkaste opplevinga gjennom den fem år lange tyske okkupasjonen av fedrelandet.

Synet av den skjelvande, hulkande mannen som bad for sitt liv gjorde at alle tankar Ulstein måtte ha om hemn, forsvann.

- Det fekk meg til å forstå noko som eg kanskje ville ha brukt mange år seinare i livet mitt på å forstå. Dette med å føle medynk med folk som har kome på gal side i livet, uttalar Ulstein. Journalisten og krigsforskaren tek seg i å undre på kor seint mange nordmenn tilgav okkupasjonen av Norge.

- Det tok lang tid før tysk hadde nokon god klang i Norge, seier Ulstein. Han vil ikkje på nokon måte forsvare krigshandlingane og nazismens forferdelege syn på menneskeverdet. Ulstein tok tidleg eit standpunkt mot nazismen, og kjempa for at Norge igjen skulle bli eit fritt land.

- Men ein kan trygt seie at Norge hadde den mildaste okkupasjonen samanlikna med fleire andre land i Europa.

Lært lite av krigen

Sjølv 70 år etter andre verdskrig ser journalisten og krigsforskaren at det er viktig å bli mint på krigens handlingar. I ei verd med sterke politiske og religiøse motsetningar ser Ulstein all grunn til å vere merksam på kva som kan skje dersom ekstreme haldningar og trugslar mot demokratiet får vekse fritt.

- Vi har lært lite av andre verdskrig, meiner Ulstein. Når det gjeld vår eigen militære kapasitet, har han ikkje stor tillit til Norges evner til å kunne forsvare seg mot andre nasjonar.

- Det hadde vore klokt av norske styresmakter å byggje opp eit fredsforsvar så sterkt at det kostar vedkomande som ønskjer å gå til kamp mot oss meir enn det smakar. Eit så godt fredsforsvar har ikkje Norge, seier Ulstein. Han tykkjer norske styresmakter er naive som ikkje styrkar forsvaret meir.

- Vi må aldri tru at vi får ei verd fri for galne menneske som misbruker makta og posisjonen sin til å skade andre.

Les også: Del din historie fra krigen

Les meir på Smp+:Slo av sendaren då Quisling talte– Vi fekk ordre om å skyte dei

Ragnar Ulstein tok tidleg avstand frå nazismen. Han drog til England som 21-åring, der han fekk opptrening og blei innlemma i den militære avdelinga Kompani Linge. Foto: Staale Wattø