Denne helga ønskjer Sula jeger- og fiskeforening å få ut noko gjedde frå dei vatna som inneheld det på Sula. Folk frå heile nærområdet er komne til for å delta i konkurransen som er sett opp.

Vêret har ikkje heilt vore som ønska, men alikevel har det vore fleire med denne gongen enn sist konkurransa vart arrangert. Laurdag kveld var det sjansar for ein smakebit av heilgrilla gris og god drikke.

For dei som ikkje har lagt planane for søndagen er det mogleg å møte opp ved «Klekkeriet» ved Vassetvatnet med utstyr.

Arrangementet avsluttast søndag med premie til største fisk og tyngste totalfangst.