Festspeldiktar Gunnhild Øyehaug får selskap av tre tidlegare festspeldiktarar og ein ung poet og romandebutant når ho entrar Uteamfiet i Ivar Aasen-tunet fredag 26. juni – under Dei nynorske festspela 2015.

Lars Amund Vaage, Brit Bildøen, Bjørn Sortland og Kristina Leganger Iversen har alle skrive litteratur der omgrepet tillit mellom menneske blir utforska.

– Alle er avhengige av tillit kvar dag i kontakt med andre menneske, men det er ikkje uvanleg at tillit manglar eller blir broten. Kva kan den nynorske samtidslitteraturen seie oss om tillit, spør programansvarleg Åshild Widerøe i ei pressemelding.

Programslepp for Dei nynorske festspela er onsdag 29. april.