Prisen gjekk til filmen «Pels» av Ola Waagen. Han har laga ein film om Frank Nervik som kontaktar pelsdyrbransjen og seier han vil starte oppdrett.

Opplæringa blir filma med skjult kamera.

Då NRK Brennpunkt viste filmen 9. desember skapte den sterke reaksjonar både frå pelsdyrbønder og pelsdyrmotstandarar.

Å verte sett

Det blei delt ut fleire prisar under Dokfilm laurdag.

Vinnaren av Gullflugeprisen, filmar over 55 minutt, blei gitt til filmen «Jag ser dig» av Sylvelin Måkestad.

Filmen handlar om ein ung, blind tenåring si reise mot å verte vaksen.

Hennar høgste ynskje er ikkje å kunne sjå, men å verte sett av oss andre som den ho er, og ikkje berre som blind.

Juryen meinte dokumentaren hadde høg filmatisk kvalitet og eit sterkt og viktig bodskap.

Aktuelt

Dokumentaren «I am Kuba» vant årets Ildflugepris, som er for filmar under 55 minutt.

Regissør Åse Svenheim Drivenes sin film handlar om Kuba og Mikolaj’s foreldre, som har reist frå Polen for å jobbe i andre land. Juryens meinte vinnarfilmen gav innsikt i eit stort og aktuelt tema.

Årets Nymfepris, prisen for beste studentfilm, blei gitt til Mari Storstein for «Forestillinger om frihet».

Filmen fylgjer regissøren, som sjølv sit i rullestol, i møte med tre kvinner som alle er avhengige av såkalla brukarstyrt personleg assistanse (BPA).

Juryen var imponerte over korleis filmskaparen brukar seg sjølv for å fortelje om noko allmenngyldig. Dei meinte ho klarte å få ein god balanse mellom det personlege og politiske.

Prisen, som er for beste studentfilm, gjekk til Mari Storstein for «Forestillinger om frihet». Foto: Nicolay Woldsdal