– Det er dei litt større bileta som har gått best, seier Ulstein om separatutstillinga i Galleri Arctandria på Frogner i Oslo.

Utstillinga opna 7. mai, og går ut denne månaden.Og no målar han for fullt, for utstillingane står i kø:

– 11. juni skal eg stille ut måleri i Ulstein Kunstlag i samband med arrangementet «Smak av Ulstein», fortel han. Utstillinga i Ulsteinvik går fram til 14. juni. Måndag 6. juni dreg Olav Harald Ulstein med måleria sine inn til Åndalsnes, der han er årets festivalkunstnar under Norsk Fjellfestival. Utstillinga varer heile festivalveka.

– I oktober skal eg stille ut bilete i Lyngdal på Sørlandet. Og så er det også ei utstilling til i haust, men kvar det var kjem eg ikkje på i farten, ler Ulstein.– Det hjelp vel på salet at du var med i «Farmen»?

– Det veit eg ikkje. Men det er iallfall fleire som veit kven eg er.I tillegg til lange dagar med penselen, så skal han også drive valkamp for Framstegspartiet i tida framover. Ulstein er Frp sin ordførarkandidat i Sykkylven.

Olav Harald Ulstein likar best å måle dramatiske vestlandsfjell.