Den store begivenheita skjer onsdag 10. juni. Då kjem den internasjonalt anerkjende kunstnaren sjølv for å opne utstillinga si i Berlihuset på Klokkehaugen i Sykkylven. Dagen etter, i Ungdomshuset Vaarvon, held Asbjørnsen sin første lanseringskonsert med den nye plata, «Don›t Stay For Breakfast».

Stolt og glad

– Terje Brofos og eg har kjent kvarandre sidan 2002. Då arrangerte mannen min ei stor gatekunst-utstilling i ein 900 kvadratmeter stor hall i Bjørvika. Dette var rett før operaen skulle byggjast. Terje var ein av kunstnarane der. På den tida hadde han ein tøff periode, og budde ein del heime hos oss mens han jobba med bidraget sitt.

– Sidan har vi følgt kvarandres karrierar. Han har vore til stades på alle konsertane mine i Oslo, og eg har sunge på eit par av utstillingsopningane hans, fortel Asbjørnsen.

Den profilerte jazzvokalisten, komponisten og skodespelaren fortel at dei har prøvd å få til eit slikt arrangement lenge, og at ho no er stolt og glad både over biletet Pushwagner har laga til platecoveret hennar, og det planlagde samarbeidsprosjektet i Sykkylven.

Albumet

Torsdag 11. juni blir det konsert i Ungdomshuset Vaarvon med Hilde Louise Orchestra og låtar frå det komande albumet, som blei spelt inn i Ocean Sound Recordiings på Giske i mars.

Musikarane ho har med seg er Anders Aarum på piano, Svein Erik Martinsen på gitar, Jens Fossum på kontrabass, Hermund Nygård på trommer og Kåre Nymark på trompet.

– Låtane har eg skrive med eit smil om munnen, Louis Prima og Duke Ellington på øret og mitt eige tett-swingande band i tankane. Låtar om sko, kaffi og ubedne frukostgjestar, fortel Asbjørnsen, som sjølv er ein av produsentane av plata.

Som co-produsent har ho med seg ingen ringare enn «Jojje» Wadenius, og arrangør Anders Aarum.

Turné-opning

Konserten i Sykkylven opnar lanseringsturneen for det nye albumet. Dagen etter blir det konsert på Parkteateret i Oslo, etterfølgt av fleire konsertar på Sør- og Austlandet. Konsertrekka held fram til hausten.

Den internasjonalt anerkjende norske kunstnaren Pushwagner har laga coverbiletet til Hilde Louise Asbjørnsen sitt nye album. Foto: Torill Myren