– Det har vore litt vanskeleg å komme til eit nytt land, med det er veldig hyggeleg på skulen og her på språkkafeen. Alle er blide og lærarane er veldig snille, seier Khawla Hasan frå Syria, på nesten flytande norsk.

Ho kom til Ålesund med foreldra, ei syster og fire brør som overføringsflyktningar frå Syria for sju månader sidan. På denne korte tida har ho lært å snakke like godt norsk som nokre av dei andre kvinnene som har vore her i fleire år.

– Det er veldig nyttig å komme hit og praktisere det vi lærer på skulen, seier ho.

– Både Khawla og søster hennar og mor deira klarte å stotre fram sine første setningar på norsk etter eit par veker, og etter to månader så hjelpte ho dei andre rundt seg. Det er heilt fantastisk, seier Katrine Solberg. Ho er leiar for barneavdelinga på biblioteket, og ansvarleg for språkkafeen.

Populært

– Det har blitt meir og meir populært for kvinnene å komme hit. Vi begynte med 18 stykk, og no har vi 35 kvinner som kjem annankvar onsdag. Vi merkar at dei som har vore her kjem tilbake og spør oss om ting, og føler at dette er ein trygg plass. Vi har seks frivillige hos oss no, og det er kjempeflott. Men vi tek gjerne imot fleire, seier Katrine.

Menn vil vere med

– Det har vore litt vanskeleg for oss å ikkje sleppe til menn i gruppa, for dei har så lyst til å vere med. Men det handlar om å skape eit trygt miljø, og vi trur at nokre av kvinnene vil vere meir opne når menn ikkje er til stades. Vi har fått mange reaksjonar på at vi ikkje har same tilbodet for menn, men eg trur at Røde Kors no har starta ei liknande gruppe for menn, seier ho.

Veldig nyttig

– Eg kom til Norge for to månader sidan, og eg går på norskkurs på vaksenopplæringssenteret. Det er veldig kjekt å komme hit og bli kjent med kvinner frå ulike land og diskutere ulike tema, seier Nadia frå Ukraina. Ho er heller ikkje i tvil om at språkkafeen er nyttig for å bli betre i norsk.

– I morgon har eg den store avgangsprøva i norsk!

Gjer som fleire enn 22.000 andre - lik smp.no på Facebook

<strong>Populært:</strong> Det var fullt rundt alle borda på biblioteket sin språkkafé.