–Det er berre å sjå korleis rytmen har innverknad på dei, konstaterer Tomren.

250 barnehage- og skuleborn song i dag blues saman med Good Time Charlie på Ørskog BluesFest, som starta torsdag.

Les også: 250 med i bluesbarnekor

Barne-, inkludering- og likestillingsminister, Solveig Horne, var på besøk i kommunen og fekk med seg delar av på barnebluesen, som vart arrangert av festivalen for første gong.

– Eg har aldri tenkt på at blues kunne vere ein sjanger for born. Eg har assosiert blues med mørke lokale, saksofon og USA. Men musikk er så mangt, så kvifor ikkje lære tidleg at vi har forskjellig smak? seier Horne til Sunnmørsposten.

Kva skjer? Sjekk vår kulturkalender.

Les meir om konserten i laurdagsavisa.

Barne-, inkludering- og likestillingsminister, Solveig Horne, fekk sjå delar av konserten før ho måtte reise for å rekke eit fly. Foto: Morten Hjertø