Songarane i Sunnmøre Festivalkor fekk opplevingsrike dagar under Nordisk-Baltisk korfestival i Latvia i helga.

Festivalen vart arrangert for 20. gong, og i år gjekk turen til den latviske hovudstaden Riga. Roar Barros-Ødegård​ frå korforbundet fortel at det gjekk slag i slag med parader, guida turar og tur til byen Tukums.

Kva skjer? Sjekk kulturkalendaren på smp.no

Der fekk mellom anna dirigent Svein Eiksund frå Ulstein ei spesiell utfordring med å representere Norge under ein konsert med to tusen songarar:

– Det gjekk veldig bra, forsikrar Ødegård.

Sjå video frå hendinga over artikkelen

Koret var ifølgje Ødegård det einaste som deltok frå Nordvestlandet dette året.

– Det som sjølvsagt toppa det heile var gigantkonserten «Closing Concert» i Mezaparken søndag kveld. Med over 6000 på scena, store koreograferte dansegrupper, og tredobbelt med publikum var det mykje som likna ei OL-opning, meiner Ødegård.