Eit knallrosa tre med langstrekte, slanke greiner strekkjer seg mot himmelen. Frå den nedste greina har publikum augekontakt med ei gullkråke. Heilt i toppen av treet sit ein av kråkekompanjongane, og stirrar utover landskapet inst i Vengesdalen i Rauma kommune. Ni kråker har funne seg kvar sin plass.

-Opphavleg var det ti kråker. Men den eine kråka datt ned og trefte meg i knollen, då eg skulle montere kunstverket, så då vart det berre ni, fortel sykkylvskunstnar Geir M. Brungot og flirer godt.

Kunst i natur

Saman med fleire kunstnarar frå fylket og Hellas, Nederland og Sverige deltek kunstfotografen med ein installasjon i landskapet ved stien til Litlefjellet. I tillegg deltek han med fotografi på ei innandørs utstilling. Kunsten er ein del av Kunst i Natur, som går av stabelen i samarbeid med Norsk Fjellfestival frå 5. til 12. juli. Ifølgje Gunn Morstøl, arrangør for Kunst i Natur, vil publikum kunne oppleve dei fleste av kunstverka i heile juli. Såframt kunstverka står då.

-Det var veldig fint vêr på opninga søndag. Men så kom det eit vêromslag, og treet til Brungot var eitt av kunstverka som måtte gi tapt for vinden. Men tirsdag reiste vi det opp att, og sikra det betre med steinar, så no er det muleg å sjå det igjen, fortel Morstøl.

-Kunsten er i høgste grad levande?

-Ja, det kan du godt seie, svarer Morstøl. Dessverre øydela den sterke vinden tretårnet til dei svenske kunstnarane Helena Ekenger og Agneta Segerfelt. Med tittelen "Oljans sång", var det enkelte som tolka det som eit symbol på at oljealderen er over, legg Morstøl til.

Veteranen

Han er mest som ein veteran å rekne, Geir M. Brungot, som deltek på kunstfestivalen for fjerde gong. Han har fått mange tilbakemeldingar frå besøkande, som hugsar godt installasjonane hans. Mellom anna hans første prosjekt, "Rosa skog", som bestod av åtte rosa furuer, vekte oppsikt. Og i år med installasjonen "Rosabloggaren sender ut sine kråker".

-Eg har endåtil fått god hjelp av ein assistent i arbeidet med kunstverket. Barnebarnet mitt Victoria Helen Aurdal Brungot på sju år, har hjelpt meg å kappe treet, ta av barken og spraylakke det.

Rosa er ein farge som går igjen i arbeida hans, då han har jobba ut i frå ordspelet kunst i natur og kunstig natur.

Rosa bidrag

-Rosa er ein farge det er lite av i naturen. Du ser den stundom igjen i til dømes steinar og insekt, men elles fell den ikkje så naturleg inn i landskapet. Det ønskjer eg å spele på, seier Brungot. Han vonar folk vil stoppe opp og tenkje litt. Kanskje går tankane til naturvern, kanskje får ein assosiasjonar om forureining. Fritt fram å leggje det ein sjølv vil i kunstverket. Brungot tykkjer det er interessant å leggje merke til korleis assosiasjonane til rosa har endra seg på berre sju år.

-Rosabloggarane er i mine auge kjent for å bringe ut mykje tull og usaklegheiter, og dei går ikkje langt for å innhente informasjon. Det same er det med kråkene. Dei flyg ikkje så langt dei heller, svinsar berre att og fram, poengterer Brungot. Han ser på det som eit motstykke til Odin med ravnene, som vert symbolisert med visdom. I norrøn mytologi flyg Hugin og Munin kvar morgon ut i verda, og i kveldinga flyg dei attende til Odin, for å kviskre han i øyret kva dei har sett og høyrt.

Lyden av frihet

Årets tema for Kunst i Natur er "Lyden av frihet". Kunstfestivalen har til og med sin eigen levande, mediterande installasjon under heile fjellfestivalveka. Morten Nygård skal bu på ei fjellhylle heile veka, og har verken vått eller tørt med seg. Målet er å leve av det besøkande deler med han.

-Og sidan vêret ikkje er så bra lenger, har han det ganske vått og kaldt no. Så skulle det vere nokre sunnmøringar som er på tur i området, må dei gjerne dele både mat og ved med han, oppmodar Morstøl.

Han sit på ei hylle like ved stien, halvvegs opp til Litlefjellet, så det er berre å avleggje han eit besøk og ta ein prat, skal vi tru arrangøren. Ho er spent på kva Nygård har å formidle når han avsluttar kunstprosjektet sitt søndag 12. juli.

I tråd med festivaltemaet, har Nygård også med seg tre kyrkjeklokker, som besøkande vert inviterte til å slå på. Vengesdalen har blitt fylt med både lyden av kyrkjeklokker, harpespel og gongar - smelta saman med naturens eigne lydar.