Her oppe på Syltefjellet har dei budd i to veker og jobba med å gjere vegen fram til klostertomta på utspringet framkomeleg.

– Målet er å bli ferdig til grunnsteinsnedlegginga. Kor lang tid arbeidet her oppe tar, veit berre Gud. Men når det ikkje er bruk for oss meir, reiser vi, seier fader David, leiar for det vesle arbeidslaget.

Les også: Bygginga av gangvegen er i gang

Grekaren er tidlegare tømrar, men vart kalla til livet som munk for sju år sidan. I Italia skilte han lag med kona, som vart nonne i eit kloster i Georgia. Sjølv flytta han til Petra-klosteret i Khardiza i Hellas. Abbeden der, Arkimandritt Dionysos, er også åndeleg far for nonneklosteret i Norddal, der styreleiaren for klosterprosjektet på Syltefjellet held til, abbedisse Thavoria.

Les også: Skal opne kloster

Den andre av dei tre hjelparane, Fader Tarsizios, er oppvaksen i ein gresk familie i USA, og vart munk for fire år sidan. Han er utdanna i å lage ikon i mosaikk, og held til vanleg til på klosteret i Selje. Tredjemann er ikkje munk, men er oppvaksen like ved nonneklosteret i Khardiza der abbedisse Thavoria har budd, og har jobba som altmoglegmann på klosteret der i mange år.

Geologar

Utsikta frå klostertomta på Syltefjellet er spektakulær mot dei mektige sunnmørstoppane og fjorden under. På fjellveggen rett under utspringet ser ein det lange buktande kvite mønsteret som har gitt opphavet til legenda om Olav den Heilage og slangen han kasta frå seg då han var på vandring i området. Det store avtrykket i fjellsida er synleg frå andre sida av fjorden.

Søster Yakovi er oppvaksen i USA og har master i geologi. Ho har vore nonne sidan ho var 27, og bur no i eit kloster utanfor Athen. For nokre månader sidan kom ho til klosteret i Norddal for å hjelpe geolog Johann Heim med kartoppmålinga av klostertomta.

Heilag stad

På spørsmål om ho trur slangemønsteret i fjellsida er resultatet av eit mirakel, svarar ho:

– Ja, eg trur på det. Det vi kan sjå er at mønsteret ikkje er nokon naturleg del av steinen i fjellet. Og det er ikkje mogleg å forstå korleis mønsteret har hamna der, på ein så utilgjengeleg stad. Snorre sine fyldige omtalar av Olav den Heilage sine vandringar i området, og ordføraren i Norddal sin førespurnad, er viktige grunnar til at klostertomta blei kjøpt i 1991, fortel abbedisse Thavoria.

Manglar finansiering

Kapellet blir første bygning på klostertomta. Teikninga har dei fått laga av ein arkitekt i Georgia. Foto: Nils Harald Ånstad.

Klosteret har vore under planlegging sidan 1991, men framleis er det mykje som skal på plass. Dei må lage ein reguleringsplan og få den vedtatt. Så skal det søkast om løyve til tiltak med teikningar og det som høyrer til ei slik bygning og ikkje minst må dei skaffe finansiering. Så langt har dei ikkje pengar til bygging av kapellet, som dei har fått teikna av ein arkitekt i Georgia.

– Men eg føler likevel at vi nærmar oss byggestart. No lagar vi ein gangveg til tomta, og har med hjelp av geologar fått laga eit detaljert kart over området som er sendt til ein arkitekt i Georgia.

– Av Norddal kommune har vi fått eit lokale her i Fjordhagen i Valldal, der vi kan informere bygdefolk og turistar om bygginga. Fjordhagen har også hjelpt oss mykje med formelle og praktiske ting, seier Abbedisse Thavoria.

Muritunet

Ho føler at velviljen frå kommunen og bygdefolket er stor.

– Alt vi gjer er basert på gåver. Av Melchiorgarden i Norddal får vi også kjøt og mjølk. Andre er glade i å fiske, og kjem med fangsten sin til oss, høner har vi også fått. Og folk ryddar skog så vi får dyrka mark. Sjølv lagar dei kremar, salver og såper som dei sel stadig meir av. Urter har dei og planta.

– Når det gjeld bygginga av klosteret er vi avhengig av større summar. Men vi er viss på at prosessen no vil skyte fart. Blant anna har direktøren for Muritunet, Glenn Hole, teke kontakt med oss. Han er interessert i eit samarbeid med klosteret, og har etablert ei foreining der han sjølv er leiar. Ein moglegheit er å bruke klosteret som eit tilbod etter rehabiliteringa på Muritunet, seier abbedisse Thavoria.

Søster Yakovi tok master i geologi før ho vart nonne. Ho har vore med på å lage eit kart over området der klosteret skal ligge. Her med fader David, som jobba som tømrar før han blei munk. Foto: Nils Harald Ånstad.
Med avkutta armeringsjern som spikrar lagar fader David (framme) trappetrinn av halve stammar frå tre som dei feller etter kvart. Gjerde skal også på plass. Gangvegen tek av frå stien som går frå Ytterlid gjennom skogen ned til til Sylte, sentrum i Valldal. Vidare ser vi Fotios Korlos, Fader Tarsizios og bakarst Per Christian Gillebo, bror til abbedisse Thavoria. Han er ein flittig hjelpar, og saman med resten av familien hennar på Sjøholt har han støtta opp med klede, utstyr og verktøy til arbeidslaget på Syltefjellet. Foto: Nils Harald Ånstad.
Av Irenaea Gillebo sin familie på Sjøholt har dei fått telt, arbeidsklede, verktøy og anna utstyr. Men framleis manglar dei både verktøy og klede, og ikkje minst folk som har lyst til å vere med å lage gangveg på dugnad. F.v. Irenaea Gillebo, Fader David, søster Yakovi, Fotios Korlos og Fader Tarsizios. Foto: Nils Harald Ånstad.