Ei låve i Snipsøyrdalsvegen i Hareid vert i dag og i morgon gjort om til konsertarena. Intimkonsertarena.

Bandet Skóg håper å fylle dei ca. 20 kvadratmeterane med rundt 60 personar laurdag.

- I fjor var vi 50. Då var det ganske intimt. Golvet gynga godt og låven heldt omtrent på å kollapse, så i år har vi spjelka golvet, forklarar Sondre Skorgen. Han er vokalist i bandet og har vakse opp på garden som har vore i familien i fire generasjonar.

Sjå opptak frå då Skóg spelte lunsjkonsert på SMP-Scena.

Låvefest

Det begynte som ein idé for ein annleis debutkonsert for bandet. Eitt år, 30 konsertar og 2 singlar seinare var det på tide å gjenta opplevinga, samt vidareutvikle den litt.

Fredag var det konsert for alle aldrar, men laurdag blir kaka og kaffien bytta ut med litt sterkare saker.

- I tillegg vert det grilling, og dei som vil kan overnatte i telt i hagen, fortel Skorgen.

Fredag kveld hadde rundt 40 bestilt billett på nett til laurdagens konsert.

- Nervane er eg ferdig med, sidan det gjekk så bra i fjor. I år er eg heller redd det ikkje blir plass til alle sidan så mange har bestilt på førehand. Det har vore overraskande bra respons.

Fleksibelt band

I fjor sa Skorgen til Sunnmørsposten at dei hadde planar om å få med seg fleire band eller artistar neste år. Det same sei han i år.

Likevel er fleire på scena i låven denne gongen.

I tillegg til Vegard Johansen, Ole Nogva og Skorgen sjølv, er både Karina Sundby, Jim André Gjerde, Martin Jarl Velsin og Chris Masters med på konserten.