– Første natta var der ingen lokale, andre og tredje natta var der nokre få, fortel Eskild Rønningsbakken.

Mannen som er frå Vallset i Stange, er initiativtakar for Camp2015, som vart arrangert inst i Romedalen helga som var.

Rønningbakken, som er kjent for sine balansestunt på toppen av spektakulære fjelltoppar, har samarbeida med Naturfestivalen i seks år. Han har lenge ønska ein plass kor folk kan samle seg etter dei har vore med på aktivitetar under festivalen.

– Sunnmøringane er litt treige dersom det er varierande vêr eller dersom det kostar noko, det er mi erfaring etter dei åra eg har samarbeida med Naturfestivalen, seier Rønningsbakken.

Heller camp enn syden

Til trass for det dårlege lokale oppmøtet var mange som hadde kome langvegs frå for å oppleve den sunnmørske naturen.

Familien Solvang Brattvollengen kjem frå same kommune som Rønningbakken og valte i år å legge ferien til Romedalen.

– Vi spurde ungane om dei ville til syden eller hit på camp, og då svara dei alle camp, fortel mor Linda Brattvollengen.

– Så det spørst om vi ikkje kjem tilbake neste år også.

Ho og sambuaren, Ole Solvang, har tidlegare campa på same stad. Dei likte seg så godt at dei i år tok med ungane på opplevinga.

– Vi var litt spente på korleis det ville bli å ligge i telt så mange netter med alle tre ungane, og med regnvêr. Vi har vore litt gjennomvåte eit par gongar, men det har gått utruleg bra, fortel Brattvollengen.

For vêret var mildt sagt skiftande i helga. Fredag kom det kraftige regnbyer. Laurdag var betre med ein del sol. Den store felleslavoen som er sett opp har og vore til god hjelp ved tørking av klede.

Varierande oppmøte

Av dei få lokale som deltok på campen var Terje Rebbestad med familien. Dei hadde teke turen frå Follestaddalen og budde på ei av hyttene på støylen ved campen, men var ikkje imponert over det lokale oppmøtet.

– Her kunne godt vore fleire lokale her. Det spørst om dei er redde vêret.

Også festivalkoordinator Siri Dahl trur vêret har mykje å seie for oppmøtet.

– Eg får mange telefonar frå folk som ventar og ser an vêret før dei melder seg på turar og arrangement.

Ho har framleis ikkje tal på kor mange besøkande festivalen har hatt til no, men seier ho merkar godt forskjell samanlikna med den gode sommaren vi hadde i fjor.

– Turane har veldig varierande oppmøte. Vi prøver å gi dei som går på tur noko ekstra, slik dei ikkje føler dei betalar for noko dei kan gjere på eiga hand, seier Dahl, og viser for eksempel til turen til Molladalen, der deltakarane kunne klatre på Bladet.

Gratis neste år?

Det å få lokale til å overnatte, når dei er så nære hus og heim, innrømmer ho har vore ei utfordring.

– Mange deltek på arrangement, og så reiser dei heim.

Ifølge Rønningbakken har dei prøvd å gjere campen så billeg så muleg, slik at dei berre dekker dei kostnadane arrangøren har.

– Men det spørst om vi må prøve å gjere campen gratis neste år. Då trur eg vi kan få med oss fleire. Men då er vi også avhengig av fleire sponsorar, seier Rønningbakken.

PÅ grunn av kraftig regn måtte det meste hengast til tørk laurdag. Foto: Maria Mostrøm