Vi snakkar om det spesielle konsertlokalet Myreløda på Aksneset i Dalsfjorden i Volda. Der har det oppstått eit lokalt musikkmiljø som femner frå Halkjelsvika Spelemannslag til nemnde Claudia Scott.

Den norske artisten var trekkplaster også under fjorårets liknande konsertar, noko som vart ein stor suksess ved fjorden. Konsertane går både fredag og laurdag kveld.

Kva skjer? Sjekk kulturkalendaren på smp.no

Andre på spelelista er Harald Dyb i lag med Scott, Countrycompagniet, Odd Kåre Fløtre og Goodwill. Ikkje minst må nemnast lokale tolkarar av country og bluegrassmusikk, her finst også eit godt utval som kan overraske siste julikvelden eller første augustkvelden i år.