Det er ordføraren i Stranda, Jan Ove Tryggestad, som uttalar desse orda berre timar før han og følgjet får sjå filmen under opninga av filmfestivalen søndag kveld.

Han er på plass i Haugesund saman med representantar frå Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE), som har det nasjonale ansvaret for fjellskredovervaking.

Skilje fakta og fiksjon

Han har enno ikkje sett «Bølgen», men han går ut i frå at filmen speler på frykt. Mellom anna er filmens spenningsnivå knytt til at innbyggjarane får berre ti minutt på seg til å flykte, frå dei vert varsla til flodbølgja kjem.

Dette har ikkje rot i røynda, ifølgje Blikra.

Men han trur ikkje folks tillit til deira arbeid vert svekka sjølv om dei ser filmen. Både Blikra og Tryggestad har tru på at publikum klarer å skilje mellom fakta og fiksjon.

Både positivt og negativt

- Eg håper òg det kan auke tilstrøyminga av besøkande som vil sjå området der filmen har blitt spelt inn, seier Tryggestad.

På den negative sida er det filmens evne til å skape skrekk og utryggleik han fryktar mest. Men han føler seg trygg på at dei aller fleste er klar over at dette ikkje er ei realistisk framstilling av korleis det i røynda er.

- Den kompetansen som Blikra og hans folk har bygd opp over alle desse åra, er blant den beste som fins i verda på dette feltet. Dei jobbar med det dagleg, og eg trur på den bodskapen som fagfolka presenterer.

Geolog Gudrun Majala ved NVE i Trondheim seier til smp.no at då ho fekk spørsmålet frå skodespelar Kristoffer Joner om ho sjølv ville ha turt å flytte til Geiranger saman med familien sin, svarte ho umiddelbart ja.

- Vi leikar ikkje geologar. Vi gjer jobben vår for at befolkninga skal føle seg trygg.

Sjå klipp frå filmen under:

F.v geolog NVE Trondheim, Gudrun Majala, strandaordørar Jan Ove Tryggestad og sjef for seksjon for fjellskred NVE, Lars Harald Blikra. Foto: Randi Longva