Og publikum var begeistra for filmen:

– Dette var absolutt ein sjåverdig film. Vi gir terningkast fem. Tida gjekk rasande fort, seier Eva Muribø og Mette Valdal på veg ut frå premiereframsyninga i ungdomshuset Fredheim.

– Men eg mister ikkje nattesøvnen av filmen, skyt Kristine Hansen inn. Ho bur sjølv i Fjørå, medan dei to andre bur i Valldal.

Les også: Fekk møte Bølgen-skodespelar

Les meir: Vil bygge fagmiljø for skredberedskap

Skremmande

Og det var fleire lovord om filmen.

– Det var skremmande, men ein god film. Det vart ikkje kjedeleg, seier Alf Hoel som bur oppe i Valldalen og såleis er trygg for flodbølgje.

På premiereframsyninga onsdag kveld var også Reidun Vestre Moe, leiar i ungdomslaget Solberg. Laget stod for opplegget rundt kinoframsyninga.

– Det gjer eit veldig inntrykk at det er så sterke naturkrefter og at det faktisk også har skjedd noko liknande her. Det er ein spesiell film for oss som bur i bygda. Det er faktisk dei som ikkje torer å sjå filmen, seier Moe som sjølv er i ferd med å byggje hus i Fjørå, men så høgt oppe at dei skal gå klar av ei eventuell flodbølgje.

– Har det berre vore lovord?

– Ja, eg høyrde «uff» på veg ut, men det trur eg var på grunn av at det var sterk kost. Eg trur filmen fall i smak, seier ho.

Premierekvelden blei ein suksess i bygda Fjørå med 120 innbyggjarar. Første framsyning med 80 billettar vart raskt utseld. 40 minutt før Frank Romuld i Bygdekinoen sette i gang filmen for andre gong, var det berre fem billettar igjen. Også denne framsyninga blei utseld.

Les også: Rigger til førpremiere i dag

Les også: Geolog rørt av «Bølgen»

Ukjende

Berit Fredriksen i ungdomslaget såg kjende frå Fjørå, Tafjord, Valldal og Liabygda. I tillegg var det heilt ukjende fjes som kom og ville sjå filmen.

– Vi har ikkje raud løpar og Mozell kvar gong, seier Katrine Hasund som står i kiosken.Løparen vart kjøpt inn til premieren på «Ex Machina», som er spelt inn i Valldal. Det var dermed andre premieren på under eitt år i ungdomshuset.

<strong>SUKSESS:</strong> Mette Valdal (f.v.) Kristine Hansen og Eva Muribø såg første framsyning av «Bølgen» i Fjørå og var ikkje vitskremde. Dei var tvert imot fulle av lovord om filmen. FOTO: TERJE ENGÅS