Bror Magnus Tødenes song seg til topps i prestisjetung internasjonale konkurranse. Tenoren frå Eiksund vann både førsteprisen og publikumsprisen i San Marino  sist helg.

– No startar mi internasjonale songkarriere for fullt, seier ein stornøgd Bror Magnus Tødenes.

Trur på store jobbar

– Å vinne  denne konkurransen betyr veldig mykje for meg, fordi representantar for alle dei store operahusa var til stades i salen. Alle høyrde meg synge, og viste stor interesse. Dette vil gi meg songjobbar på det høgste nivået i Europa, og elles rundt om i verda, fortel ein svært nøgd tenor på telefon på veg heim frå Italia.

Gjer som fleire enn 23.000 andre - lik smp.no på Facebook

Det var laurdag kveld 22-åringen song seg til topps i «Renata Tebaldi internasjonale singing competition» som gjekk føre seg i San Marino.

Heng høgt

Songkonkurransen som er kalla opp etter ei av dei største sopranane gjennom tidene, italienske Renata Tebaldi, hadde eit stort antal deltakarar frå starten av, men berre 20 hang med til semifinalen og kun elleve songtalent frå ei rad land i Europa kjempa i finalen.

– Dette er ein songkonkurranse som heng høgt. Mellom andre sat sjefen for statsoperaen i Wien i juryen som kåra meg. Eit konkret resultat av   vinnarplassen, og som ein del av   premien, er ei kontrakt ved statsoperaen i Wien, fortel Bror Magnus Tødenes som også har med heim 10.000 Euro i premie.

– Fantastisk flott at ein norsk tenor gjer det bra i Italia. Det er topp, seier operasongar Magne Fremmerlid.

Kva skjer? Sjekk kulturkalendaren på smp.no

Han seier at det er mange konkurransar rundt om i songverda, og at den Tødenes vann i helga er ei av dei verkeleg store, og som heng høgt.

– Det er viktig å få vist seg fram på dette viset, og å ha på CVen  at ein vinn konkurranser som dette, for det opnar for  jobbar på dei rette plassane, seier Fremmerlid og legg til:

– Det er mange unge, flinke songarar som veks fram for tida, og Bror Magnus Tødenes er  ein av dei.  Det er tydeleg at han byrjar å gjere seg bemerka internasjonalt.

Prispengar går til songtimar

Det var blant anna framføringa av arien «Kuda, Kuda» av Tsjajkovskij som sikra Bror Magnus Tødenes førsteplassen og publikumsprisen.

– Det er den arien eg kan aller best, eg kjenner heile stykket veldig godt. Eg følte meg veldig komfortabel under framføringa, fortel han om finale i San Marino.

– Kva skal du bruke premiepengane til?

– Songtimar, kjem det raskt frå 22-åringen som i desse dagar flyttar til Stavanger.

Det siste året har Bror Magnus Tødenes tatt songtimar med Elizabeth Nordberg-Schultz, som underviser ved Universitetet i Stavanger.

– Det skal eg halde fram med, samtidig med at eg satsar som frilanssongar, seier tenoren som no ser Europa som sin operaarena.