Sprudlande Huitfeldt opna festspel

Kulturminister Anniken Huitfeldt var i storform på nynorsken sine vegner då ho opna festspela. 
Foto: Knut Arne Aarset
Kulturminister Anniken Huitfeldt var i storform på nynorsken sine vegner då ho opna festspela. Foto: Knut Arne Aarset

Ei strålande opplagt Anniken Huidtfeldt heldt torsdag kveld opningstalen for Dei nynorske festspela 2010.

Mobil: 90918475
Publisert: 24.06.2010 kl. 21:30
Endret: 24.06.2010 kl. 23:39

Ei strålande opplagt Anniken Huidtfeldt heldt torsdag kveld opningstalen for Dei nynorske festspela 2010.

- Vi ser ei ny politisk forståing for nynorsk, hevda kulturministeren.

Fullt Aasen-tun
Amfiet i Aasen-tunet var meir enn fullt då festspeldiktar Rønnaug Kleiva drog i gong dei tiande festspela i det nye Aasen-tunet. Kleiva, opphavleg frå Vartdal, las frå ei av sine bøker, før kulturminister Anniken Huitfeldt fekk talarstol og fri mikrofon.

Ho trekte språklinjer attende, både gjennom eiga partihistorie (Ap) og generell språkhistorie. Ikkje minst såg ho framover, med eit sterkt anerkjennande blikk på nynorsk både språk og kultur.

Årets nynorskbrukar
Det andre hovudinnslaget under opninga, var då den frå før sterkt prisløna barnebokforfattaren Maria Parr frå Vanylven mottok også prisen som Årets nynorskbrukar.

-Til stor glede og inspirasjon for meg, sa den unge prisvinnaren, med noko så sjeldsynt som to bestseljande barnebøker på nynorsk bak seg.

Musikalsk var det Sofie Hjertvik frå Ørsta som slo an tonen på tverrfløyte, før Steinar Albrigtsen slo til med norske tekster, i samspel med Monika Nordli Dei runda av opningsstunda form forsongarar til allsong. Dei nittande Nynorske festspela er godt i gang.

Les meir i papiravisa fredag.

 

Skriv din kommentar

Tittel *

Kommentar *

Fornavn *

Etternavn *

e-post *

Kallenavn (valgfritt)

Nyheter fra Sunnmørsposten - Nordvestlandets største avis ønsker en åpen og saklig debatt. Vi forbeholder oss retten til å forkorte, redigere og eventuelt fjerne innlegg. Klikk her for å lese alle reglene for debatten.

På forsiden nå

NM-bronse til Fannemel

- Jeg er kjempefornøyd. Les mer

EU: Norge skårer dårlig på innovasjon

Samtidig kommer Norge bra ut når det gjelder menneskelig kapital. Les mer

– Ingen strømplikt

Tror rikspolitikerne vil drøfte hvor lenge det er akseptabelt at folk er strømløs. Les mer

Kvinne til sjukehus etter kollisjon

Personbil og lastebil kolliderte. Les mer

Grande: – Gjør alt for å ta vare på jenta

Venstres 1. nestleder anmeldt for voldtekt. Les mer