Full prispott for skjemtegauk

Vidar Hodnekvam er årets skjemtegauk for andre år på rad. - Utruleg gøy, seier Hodnekvam, og rosar også arrangørane bak Skjemtegaukfestivalen, brørne Geir Sindre (t.v.) og Åge André Breivik.
Foto: Marie Flatin
Vidar Hodnekvam er årets skjemtegauk for andre år på rad. - Utruleg gøy, seier Hodnekvam, og rosar også arrangørane bak Skjemtegaukfestivalen, brørne Geir Sindre (t.v.) og Åge André Breivik. Foto: Marie Flatin

Vidar Hodnekvam vart skjemtegauk for andre år på rad.

Publisert: 11.07.2010 kl. 11:30
Endret: 11.07.2010 kl. 11:57

- Dette var utruleg gøy, seier komikaren frå Knarvik etter at publikum sin dom var klar under helgas Skjemtegaukfestival i Ulsteinvik.

Vidar Hodnekvam var med på festivalen for andre gong, og sit også igjen med like mange titlar som skjemtegauk.

Tett i toppen

Sigeren i år hang høgare enn fjorårets:

- Det var hardare konkurranse med fleire deltakarar, held vinnaren fram.

Arrangørane Åge André og Geir Sindre Breivik stadfestar at det var jamnare under årets festival der både Christer Torjussen og André Ulveseter pusta Hodnekvam i nakken.

Verdig gauk

Ein av fleire som stemte på årets vinnar var Håvard Saunes frå Ulsteinvik.

- Han er ein verdig vinnar. Poenga kom radig og han var hakket meir original enn dei andre på scena, meiner han.

Før festivalen tok til møtte Sunnmørsposten den lokale deltakaren Roger Sundgot. Publikum tok godt i mot ulsteiningen, som har skjemt som hobby.

- Han har litt å gå på i høve framføring, men vitsane er der. Roger Sundgot er ein fin fyr med spøkar som eg kjenner meg att i, meiner Alexander Eide.

Årets deltakarar på Skjemtegaukfestivalen var i tillegg til Vidar Hodnekvam, Christer Torjussen, André Ulveseter og Roger Sundgot: Tore Haukenes, Janne Rønningen, Henrik Overaa Bjørnson, Ole Soo og Ellinor Christiansen.

Les meir om årets Skjemtegaukfestival i Sunnmørsposten si papirutgåve måndag

På forsiden nå

Tester «månelanding» for Ormen

Nyhamna i Aukra har et av verdens største testlaboratorium. Og trolig det dyreste. Les mer

– Ei redningsbragd av dei heilt store

Dei trudde sjølve det var umogleg, og er djupt imponerte over at Sea King-mannskapet makta å finne og berge livet til den islandske fiskaren Eirikur Ingi Jóhansson. Les mer

Fem gode torskeår

Femårsvarsel for fiskebestandane lagt fram. Les mer