Cowboyane inntek Breim

Festival. Artistansvarleg Nils R. Sandal gler seg stort til at festivalområdet vert fylt med elleville countryentusiastar på Breim.
Festival. Artistansvarleg Nils R. Sandal gler seg stort til at festivalområdet vert fylt med elleville countryentusiastar på Breim.

Torsdag brakar det laust med ny countryfestival tre dagar til ende på Breim.

Ingebjørg Nilsen Stokkenes
Publisert: 14.07.2010 kl. 21:29
Endret: 16.07.2010 kl. 13:16

– Alt er i rute og vi gleder oss stort, seier artistansvarleg Nils R. Sandal.

Spenninga er stor i forhold til om countryfestivalen slår fjorårets publikumsrekord på 13.200.

Loveless.

Hovudattraksjonen i år er amerikanske Patty Loveless.

– Å få henne hit er spesielt. Ho er verdsartist innanfor country, fastslår Sandal.

Patty Loveless er rekna for å vere ein av dei mest populære kvinnelege artistane innan tradisjonell countrymusikk. Ho er sjeldan i Europa, og dette blir hennar første besøk i Norge. Norsk Country Treff på Breim er også einaste konserten ho held i Europa i år. Hit kjem ho med fullt orkester.

18 artistar.

Dei neste dagane kan ein oppleve 18 ulike artistar og grupper frå inn- og utland frå fleire arenaer i Breimsbygda. Jerry Kilgore frå USA kjem for første gang i Norge. Steff Nevers er ein annan av artistane og han blir for tida rekna som ein av dei fremste i Norden.

Populære er også dei norske gruppene Sie Gubba og Åsmund Åmli Band som spelar på Breim igjen. På plakaten står også namn som G. Thomas, Long Horn, Tonereise, Sigrid Moldestad, Rune Larsen og Helge Nilsen. Frå Virginia kjem gruppa Nothin`Fancy, som er ei av dei mest underhaldande bluegrassgruppene i verda. Tre dagar. Festivalen på Breim gir deg country tre dagar til ende, og har vorte eit av fylket sine største kulturarrangement.

Dugnad

– Godt og vel 500 dugnadsfolk er i sving, og vi har familiar i tre generasjonar som går her og jobbar, smiler Sandal.

Han er optimistisk og påpeikar at vêrmeldingane seier at det lysnar til helga. Ut til folket. I år kan ein oppleve country på 13 ulike spelestader. – Vi har utvikla festivalkonseptet for kvart år og tar country ut til folket, seier han. Fredag har ein eige countrytreff for barna og har gratiskonsert i Trivselshagen på Sandane.

Nokre av konsertane er også lagt til eldrebustadene i området. Både i Hyen, Byrkjelo og Sandane får dei eldre eigne countrykonsertar.

– Målet er at alle skal ha høve til å oppleve country, og vi satsar på kvalitet innanfor sjangeren, fastslår Sandal.

Han reiser til Nashville i USA kvart år for å pleie kontaktar innan bransjen.

Gode kontaktar.

– Vi har godt namn i miljøet og har gjennom åra opparbeidd oss gode kontaktar, noko som er viktig for å hente inn dei store namna, seier artistansvarleg Sandal. Han er oppteken av at festivalen på Breim skal ha kvalitet og breidde.

– Dette er eit arrangement som heile bygda står bak, og det er eit stort område publikum kjem frå. Mesteparten er frå eige fylke, Møre og Hordaland, men vi ser at festivalen trekkjer frå større og større område.

Attraksjon. Patty Loveless er hovudattraksjonen under årets countryfestival på Breim.

På forsiden nå

Tester «månelanding» for Ormen

Nyhamna i Aukra har et av verdens største testlaboratorium. Og trolig det dyreste. Les mer

– Ei redningsbragd av dei heilt store

Dei trudde sjølve det var umogleg, og er djupt imponerte over at Sea King-mannskapet makta å finne og berge livet til den islandske fiskaren Eirikur Ingi Jóhansson. Les mer

Fem gode torskeår

Femårsvarsel for fiskebestandane lagt fram. Les mer