(Foto: Høydal Fjernsynsproduksjon)

Foto: Høydal Fjernsynsproduksjon

Barne-tv på nynorsk

Måndag viser NRK eit av få barneprogram på nynorsk Teiknefilmen er teikna og produsert i Volda.

Kva seier du vil nynorsk barne-tv? Bruk kommentarfeltet

Bokmål dominerer på barne-tv og i dataspel i Norge. Steinar Høydal og hans Høydal Fjernsynsproduksjon ynskjer å vere ein motvekt til det.

I samarbeid med Høgskulen i Volda og med midlar frå Forskingsrådet og Nynorsksenteret har dei mellom anna produsert ein animasjonsfilm som blir vist på NRK Super på måndag.

– Det er viktig for nynorsken at det ikkje blir berre bokmål på tv. For barn har NRK tradisjonelt hatt svært lite nynorsk og dialekt, sett vekk ifrå nokre programleiarar, seier han.

Gitt i gåve

Animasjonsfilmen «Jakob og Neikob» er basert på ei bok av Kari Stai som handlar om to motpolar. Jakob seier ja til alt, og Neikob seier nei. Slikt vert det sambuartrøbbel og gode idear av.

Historia om Jakob og Neikob er òg med i antologien «Les for meg!» som er ei samling nyare nynorske tekstar som er samla saman og utgitt av Nynorsksenteret og Det Norske Samlaget.

I 2008 blei den gitt i gåve til alle barnehagane og fyrsteklassane i landet.

Forsking

Martine Grande har regi og animasjon for filmen, og har arbeidd med den i eit halvår.

Filmen er ein del av forskingsprosjektet «Høyr og sjå» som dreier seg om audiovisuell språkstimulering i barnehagen og tidleg skulealder.

Nynorskmiljø

Som del av prosjektet har Høydal Fjernsynsproduksjon òg jobba fram eit dataspel på nynorsk.

På nettstaden nynorsksenteret.no har dei publisert eit nettspel for barn som skal stimulere språkforståinga. Spelet er ikkje heilt ferdig, men likevel tilgjengeleg for alle.

– Målet er produsere fleire spel og meir film på nynorsk. Vi har jobba med dette i to år og det er no etablert eit miljø for nynorsk fjernsyn-, film- og spelproduksjon i Volda, seier han.

Lokale stemmer

Dubbingselskapet NorDubb etablerte innspelingsstudio ved Høgskolen i Volda i fjor og dei har mellom anna dubba to tv-seriar for NRK Super på nynorsk.

Det er nemleg barn og vaksne får Volda som har alle stemmene i seriane «Milly og Molly» og «Ville Vilde» som har gått på NRK det siste året.

Meir pengar

Prosjektmidlane til Høydal Fjernsynsproduksjon går ut ved nyttår. Steinar Høydal ynskjer likevel å kunne halde fram med å lage film og spel på nynorsk.

Det neste prosjektet er å omsetje eit spel frå engelsk.

– Dataspel er ei viktig nisje kor det er ennå mindre nynorsk enn kva det er på TV. Men det er ikkje mogleg å tene så mykje pengar på dette, så vi er avhengige av gode støttespelarar. Vi er derfor no på jakt etter nye samarbeidspartnarar, seier han.

Kva seier du vil nynorsk barne-tv? Bruk kommentarfeltet

Mer å lese på Sunnmørsposten:
 

For barn har NRK tradisjonelt hatt svært lite nynorsk

Steinar Høydal
Leses nå
 

Forsiden nå:

"Synderen" kan være i Rauma:

Rømt oppdrettslaks funnet i Tennfjorden

Onsdag 19. juli mottok Fiskeridirektoratet melding om fangst og observasjoner av rømt oppdrettslaks i Tennfjorden. "Synderen" kan være i Rauma.

Sterk Bjørdal-vekst:

Auka inntektene betydeleg meir enn venta

Bjørdal Industrier i Hovdebygda hadde ein vekst på førti prosent i fjor.

Herøy-ordføraren er alvorleg sjuk

Det var torsdag 6. juli at Herøy-kommune informerte om at Arnulf Goksøyr var sjukemeld på ubestemt tid.

– Detter ikke i sutregrøfta

2.000 billetter var solgt til Margot. Så datt Ina Breivik ned fra scena

Nær 2000 billetter var solgt til Margot-forestillinga i januar. Så datt Ina Breivik ned fra scena i Bjørnsonsalen.