Distriktsmeisterskapet i trekkspelmusikk 2011 gjekk av stabelen laurdag, med 125 deltakande.
Endret: 20.03.2011 kl. 10:54
For andre gong vart DM arrangert i Ulsteinvik, der det kombinerte hotellet og kulturhuset var vertskap for trekkspelentusiastar frå heile fylket. Ansvarleg for arrangementet var Norske Trekkspilleres Landsforbund i samarbeid med Åmdal Trekkspelklubb.
Sjå bildeserie frå meisterskapen
Oda Kvalsvik Stenberg (16) deltok i tre ulike konkurransar:
- Eg synest det er veldig kjekt å spele trekkspel, og legg heller ikkje skjul på at eg er glad i å konkurrere, seier Oda, som kjem får Vestnes, men bur i Ålesund.
- Eg spelar fleire instrument. Men det eg likar spesielt godt med trekkspel er at det blir så mykje musikk av det; det høyrest jo nesten ut som eit heilt orkester, smiler Oda.
Spelemann og musikklærar Knut Ivar Bøe fortel at det ofte kan vere stor sprik i kvaliteten på det som blir framført under eit DM, men at det sosiale er det aller viktigaste med desse meisterskapa.
- Konkurranseelementet motiverer dei unge til å øve. Men tar ein bort det sosiale, så er ikkje dette sunt. Det at trekkspelinteressert ungdom treff likesinna på same alder, pratar om interessa si og blir backa opp, gjer at dei tør å konkurrere, forklarer Bøe.
Les fleire kulturnyheiter på Smp.no
Meir om denne saka i Sunnmørsposten måndag
